
Se opp for Svartboka! foto: Harald Egil Folden, trollheimsporten.custompublish.com
Det var Heilag Olav som forbaud ormen å “vise seg mellom Jolun og Golun, mellom Hågåhaugen og Laugen”. Men kvifor er det ikke orm i Søre Lia? Jo, det hadde seg slik: Det var to karar som skulle åt vedskogen oppi Kampen. Da dei hadde drivi på ei stund, vart dei svoltne: dei ville gjera opp varme og eta. Mens dei sat og kvilte, kom ein orm og beit den eine av dei. Det skulle nok ikkje ormen ha gjort, for den eine karen hadde Svartboka. Karane fann mykje ved og la på varmen. Han som hadde Svartboka, trolla åt seg all ormen som var i Søre Lia og kommanderte han rett på bålet. Slik er det at det ikkje finst orm i Søre Lia. Nokre tilfelle har det vel vore, men da har ormen vore med høylass frå fjellet.
Frå Fronsbygdin 2005
0 Comments