Kreative bureisarar i Skåbu

by | 12. jun 2014 | Biografiar, Jordbruk | 3 comments

Søreng i Skåbu (Skåbu Hytter og Camping i dag). Livsverket til Magnhild og Laurits Sandbakken.

Søreng i Skåbu (Skåbu Hytter og Camping i dag). Livsverket til Magnhild og Lauritz Sandbakken. Klikk på bildet for å høyre intervju med Lauritz.

OLE CHRISTIAN RISDAL: Statens støtte til nydyrking og bureising i dei harde 1920 og -30 åra er kanskje eit av dei viktigaste distriktspolitiske vedtaka som nokon gong er gjort. På landsbasis vart det bygt opp over 10 000 bruk i denne perioden. Berre i Skåbu vart det rydda om lag 30 bruk frå 1920-talet til ut i 1950-åra. Bureisinga i Skåbu blir her representert ved ekteparet Magnhild og Lauritz Sandbakken.

Ved sida av jakt og fiske har jordbruket vore avgjerande for å sikre eksistensgrunnlaget i utkantane, og særleg i fjellbygdene. Men mangel på jord og vanskelege tider gjorde at det ikkje var utkomme til alle. Derfor fekk vi ei storstilt utvandring i ein periode på 70 år. Hadde ikkje staten for alvor sett i gang med å støtte nydyrking og bureising etter den fyrste verdskrigen, kunne det betydd ei dramatisk avfolking på landsbygda i tida framover. Tiltaket var kanskje derfor eit av dei viktigaste distriktspolitiske vedtaka som nokon gong er gjort. Bureisinga hadde verdifulle ringverknader og var med på å redusere den store arbeidsløysa i 1920 og 30- åra. Berre i denne perioden vart det rydda over 10 000 bruk på landsbasis.

”Standardoppskrift”

I og med at det var staten som sette i verk dette, ville det offentlege også ha eit ord med i laget når det gjaldt planlegginga, og sørgje for at at alt var gjort på ein forsvarleg måte. Det vart derfor engasjert ein arkitekt som skulle bestemme korleis våningshus og driftsbygning skulle sjå ut. Alle som søkte om stønad, fekk tilsendt ei nøyaktig beskriving om korleis husa skulle byggjast. Føresetnaden for å få stønaden, var å følgje ”oppskrifta” til punkt og prikke. Dette gjorde at bureisingsbruka fekk ein karakteristisk stil som gjer dei lette å kjenne att.
I 1938 bestod stønaden av eit lån på inntil 7500 kroner som var rentefritt dei fyrste sju åra. I tillegg fekk bureisarane ein fast sum til våningshus og driftsbygning. Frå 1933 skulle bureisarane sleppe å betale inntektsskatt på bruka dei fyrste fem åra etter innvilginga. Søkjaren måtte vere mellom 21 og 65 år, og i 1927 kunne han ikkje ha ein formue på over 10000 kroner, eller ei årleg inntekt som overskrei 3000 kr. I 1931 vart kravet til dyrkbart areal auka frå 20 til 30 dekar, og før søknaden måtte det ikkje vere dyrka meir enn tredelen av jorda (vedtak frå 1922). Det skulle heller ikkje finnast hus på rydningsplassen på førehand. Unntaket var om husa var bygt dei to siste åra før ein søkte.

Her er eit døme på eit slikt standardskriv:

A.    Beskrivelse
(Denne skal i korte trekk angi tomtens beskaffenhet, hvorledes husets forskjellige deler skal oppføres, hva slags materialer og dimensjoner som skal brukes til de enkelte deler osv. Ønskes gitt en mer detaljert veiledning i arbeidenes utførelse, vedlegges denne som særskilt bilag.)

Tomta veites godt ut, og alle laft skal gå til sikker, telefri jord. Veggene i hevdkjellaren støypes i betong med prosentstein. Golvet sementeres på godt sammenstampa kult- og pukksteinlag. Veggene i fjøset støypes innvendig 20 cm tjukke med 5” firkant, bordkledning og sagflisfyll utanpå. Golv og himling som vanleg. Forgolv av 1” ukanta bord som over- og underliggjarar. Køyrebrua av 2” plank og solid åslag. Konstruksjon av tak som vanleg ved bruk av flis til taktekking. Utvendig kledning 1” kanta bord. Sviller og åslag 5”*5” og andre materialar tilsvarande. Innvendig høgdemål på blindglasa 30-40 cm. Ventilasjon ved friskluftinntak ved lyrer i veggene som går inn i rommet i nedre kanten av glasa eller på veggen, 30 cm under himlingen. Avtrekkspipe for brukt luft skal gå ut oppe på mønet. Den skal lagast av dobbelt panel med papp og fyll. Utvendig vert huset å måle – helst brunt med grøne glas og kvite rammer. Fagmessig arbeid og gode materialar.
Innreiing og utstyr eller stikking av tomt kan ikkje endrast utan at Landbruksdepartementet har gjeve lov til det. Søknad om endring skal sendast til fylkesagronomen.

Slitarane på Søreng

For å gje eit døme på korleis livet arta seg  for ein bureisar, har eg hatt ei samtale med Lauritz Sandbakken (91). Han er den eldste nolevande bureisaren i Skåbu. Saman med kona Magnhild f. Berget (Granslåa) brøytte han seg rydning i fjellbygda. I likheit med mange andre gjekk dei laus på ryddinga med stort pågangsmot, og ein iver etter å skape seg ein heim og eit levebrød. Det var mykje folk på gardsbruka i Skåbu den gongen, og det var ofte ein kamp om å få endane til å møtast. Dette gjorde at mange drøymde om å få noko for seg sjølve. Etter at dei fekk høyre om ordninga med bureisinga, var dei stadig på utkikk etter teig. Lauritz hadde også hjelpt onkelen sin, Gunder Sandbakken, på bureisingsbruket Bjørke, slik at han visste kva han skulle gå til. I 1938 fekk dei endeleg kjøpt ein teig på 64 mål av Erland Sæther (Megarden). Prisen vart fastsett til 20 kroner for målet. Seinare kjøpte han nokre mål til frå garden Kvålen. I mellomtida hadde Lauritz sendt ein søknad til fylkesagronomen. Da han kom på befaring syntest han at teigen var for liten til sjølvberging. Men Magnhild og Lauritz hadde ikkje vanskar med å overtyde fylkesagronomen om at dette var liv laga, og søknaden vart innvilga. Tilskotet lydde på 300 kroner målet, ein kjærkomen sum for alle som skulle ta til på dette tunge arbeidet. I tillegg nytta han seg sjølvsagt av dei gunstige lånevilkåra. Lånet på 4000 var rentefritt dei fyrste sju åra, sidan vart det 4 % rente. Men elles var stønaden til husbygging heller beskjeden. Han fekk 500 kroner til våningshuset.

Lugum teig
Ei av årsakene til at dei kjøpte akkurat denne teigen, var at den låg berre om lag ein kilometer frå heimplassen til Lauritz. Dette gjorde det mogleg for han å bu heime på Sandbakken medan bygginga av våningshuset pågjekk. Lauritz var heldig i så måte når ein veit at mange bureisarar så å seie måtte liggje under berr himmel under byggjeprosessen. På teigen var det mykje bjørk og einer som måtte fjernast. Så var det å gå på med stubbebrytar og rydding av stein. Lauritz hugsar spesielt ein kjempestein som måtte sprengjast. Han har ikkje tal på kor mange hestelass som vart køyrde bort etter dette.

Allsidige folk
Til å byrje med vart det rydda tre mål. Dette var særleg med tanke på å få tak i den prosentsteinen som skulle nyttast i samband med husbygginga. Men her vart det også dyrka korn (bygg) i dei vanskelege krigsåra. For å skaffe tømmer til våningshuset kjøpte han tømmer på rot av staten innpå Flekkmoen. Det var Ola og Peder Berget, saman med onkelen til Lauritz, Fredrik Sandbakken, som stod for oppføringa av huset. Han minnest særskild det tunge arbeidet med å grave ut tomta. Det var litt av eit slit. Lauritz og Fredrik sette opp grunnmuren heilt aleine, men med god hjelp av Magnhild. Lauritz fortalde at ho bar omtrent alt vatnet som skulle til i samband med støypinga. Innimellom sat ho og batt og sydde klede! Både Magnhild og Lauritz var flinke til å skaffe inntekter som kunne nyttast til bureisinga. Dei stod heller ikkje i beit under okkupasjonstida. Magnhild sydde klede til folk og seinare byrja ho med produksjon av tøflar. Dette vart eit populært produkt og ei viktig attåtnæring. Ho sørgde også for klede til familien. Enten sydde ho eller strikka sjølv, eller så bytte ho åt seg klede for mat. Under krigen kom det mange byfolk til Skåbu for å skaffe seg husvære og mat. Det var da vanleg med slik bytehandel. Lauritz minnest at dei ikkje behøvde å kjøpe klede til borna før etter at dei var konfirmerte. Bestefaren til Lauritz var den kjende bygdekunstnaren og målaren Lars Sandbakken. Faren (Ludvig) var også ein flink målar, og sonen hadde nok arva noko av denne kunsten. Han blei derfor med faren rundt på målaroppdrag. Etter at det byrja å kome opp hytter rundt i Skåbu, fekk han jobb som vaktmeistar på nokre av desse.

Innflytting på Søreng i 1940
Huset stod ferdig i 1940, same året som den andre ungen deira kom til. Det var sjølvsagt særs viktig å få med dyr til Søreng, namnet på den nye heimen deira. I tida som kom med rasjonering og knappleik på varer, vart husdyra redninga for mange. Derfor hadde Lauritz sett opp eit provisorisk fjøs som skulle gjere nytta inntil ein fekk bygd noko skikkeleg. Han fekk da med seg ei ku og ei kvige frå Sandbakken, i tillegg kjøpte han enda ei ku på eit bruk i bygda. Dei fekk også tak i griser, slik at noka matnaud var det ikkje tale om. Til å byrje med hadde han ikkje eigen hest, derfor leigde han ein øyk under krigen. Som følgje av plass-mangelen, fungerte kjellaren under våningshuset som stall. For å nytte det sjølvavla kornet, måtte dei naturlegvis male det fyrst. Men dette var ikkje så enkelt under krigen. Problemet løyste dei ved å koke kornet, for deretter å male det på ei kjøttkvern. Det var også ei hugsott og eit slit å skaffe nok fór til dyra. Lauritz fekk lov på å hauste i dei stupbratte bakkane ned mot elva. Så var det å bere høyet den tunge vegen heim. ”De va så bratt at de va tétt vé ’n kunn eta gras når’n kravla sé opp att”, skildrar Lauritz. Cellulose vart óg brukt som dyrefór i krigsåra. Denne vart bestilt frå ysteriet og kom i store ballar. Ein måtte da rive desse i små bitar og bløyte dei opp. Elles sanka dei mose til kua, slik folk hadde gjort i uminnelege tider.

Verdifullt snikkarkurs
På slutten av 1920-talet gjekk Lauritz (på) eit snikkarkurs på  ”Gammelhuset” i Skåbu. Lærdomen frå der skulle vise seg å bli særs verdifull da han skulle ta til som bureisar. På kurset laga han seg mellom anna ein høvelbenk. Denne kom til nytte i snikkar-verkstaden som han innreia i driftsbygningen. Med bakgrunn i dette kunne han snikre både innreiing og dei møblane som skulle til. Til og med hjørneskap laga han. ”Ysst på kjøkenbænka som é lågå tå panél, hængde oss separator ’n”, seier Lauritz. Separatoren var eit typisk innslag og viktig utstyr på kjøkenet i alle bureisarhus.

Hard tørn
Trass i varemangelen som oppstod under krigen, klarte Lauritz å få oppført driftsbygningen i desse harde åra. Han hadde kjøpt ein del vindfall på Murudalen med tanke på dette. Lauritz fortalde at han låg i ei skarve koie og dreiv i skogen heile veka. Heilt aleine! Mange gonger etterpå har han tenkt på kor uforsvarleg dette var. Bureisaren erindrar bygginga av uthuset som kanskje den hardaste tørna. Det var ein kar frå Sør-Fron som stod for snikringa, men Lauritz hjelpte til så godt han kunne. Snikkaren frå nabokommunen var særs flink og rask, og Lauritz hadde si fulle hyre med å følgje med på tempoet. I tillegg hadde han høgdeskrekk og tykte ikkje det var noko artig å drive oppå taket. For å spare pengar laga han sjølv alle dei småruta vindauga som skulle til. Eit ufatteleg nøysamt og tidkrevjande arbeid.

Meir dyrking
Som tidlegare nemnt så vart det rydda tre mål til å byrje med. Etter at han hadde fått opp driftsbygningen, tok han til å rydde enda meir. I likheit med mange andre bureisarar fekk også Lauritz hjelp av folk med bulldosar. På denne tida var det bulldosarlag utabygds (frå) som tok på seg å hjelpe folk, og dei var også innom slitarane på Søreng. Dette var litt av ein revolusjon for den som var van til å gjere alt for hand. Ein annan strategi var å gjere arbeidsbyte med folk i bygda. Det var fleire som dreiv med bureising samstundes, og det var såleis ein stor fordel å hjelpe kvarandre. Den sterke dugnadsånda var gull verd for bureisarane, og ein viktig faktor for å kunne lykkast. Men den tyngste børa tok dei sjølve, og han har ikkje tal på kor mange timar dei stod i ein tvikrok med rydding og steinplukking. Det var mykje om å gjere at ein rydda eit stykke og røysa steinen om hausten. Da kunne ein nemleg få utbetalt halvparten av tilskotet for dyrkinga. Dette var særs kjærkomne pengar. Totalt dyrka Lauritz opp 55 dekar, noko som ein lyt seie er imponerande med tanke på den reiskapen som var  til rådigheit den gongen. Men han var tidleg ute med å kjøpe traktor. Allereie i 1955 kom det ein slik ”doning” til Søreng. ”De va itte rare traktor’n, men de va da é jålp når’n  skull kjøre inn høyet”, fortel Lauritz. Som så mange andre fekk også han kjøpt ein skogteig av kommunen. Her hogde han tømmer og leverte, og fekk på den måten betalt traktoren.
Magnhild og Lauritz dreiv med kyr heilt fram til 1979. På det meste hadde dei 9 kyr på båsen. Da leigde dei jordvegen til Bakkabua i Slangen for å få nok fór til alle dyra.

Camping
Eit anna bevis på at Magnhild og Lauritz var uvanleg kreative og allsidige bureisarar, er oppbygginga av campingplassen på Søreng. Det var Magnhild som tok initiativet til dette allereie før våningshuset var ferdig. Nokre år etter at den andre verdskrigen var over, tok det til å reke ein og annan turist gjennom Skåbu att. Magnhild hadde oppdaga dette og trudde at ein kunne tene nokre ekstra kroner på desse byfolka. Lauritz var meir skeptisk og meinte at dei i alle fall måtte vente til huset var ferdig. Den gongen var det berre eitt rom som stod klart i andre etasjen. Men Magnhild var ikkje snauare enn at ho fann ein fjølstubb som ho skreiv ”Overnatting” på. Det gjekk vel ikkje timen heller før den fyrste turisten var på døra. Ekteparet såg potensialet i dette, og etter kvart førde dei opp fleire campinghytter. Ein del av driftsbygningen vart til og med bygd om til sanitæranlegg. Campingdrifta vart ei fin attåtnæring til jordbruket for Magnhild og Lauritz. Særleg i påskeferiane var det bra belegg. Men elles i året var det også jamn ”trafikk” på Sandbakken Camping. Etter kvart fekk dei ein del stamgjester, noko som ekteparet sette stor pris på. Dei kom i kontakt med mange hyggelege folk, og etablerte varige venskap. Lauritz har framleis kontakt med nokre av desse stamgjestene, så vel utanlandske som norske. Magnhild gjekk på kurs og lærte seg engelsk, noko som sjølvsagt kom godt med når det kom utlendingar. Lauritz har alltid vore interessert i hestar, og han var flink til å ale dei opp. Han fekk også fram gode ridehestar, noko som skulle bli eit viktig trekkplaster for turistverksemda.
Dei to slitarane dreiv campingplassen heilt til dei selde Søreng i 1994. Da var det Arne og Arnhild Evjen frå Nedre Eiker som vart nye eigarar. Med sikker hand tek dei vare på livsverket til Magnhild og Lauritz, no under namnet Skåbu Hytter og Camping.

Ikkje mogleg utan Magnhild
Lauritz er i dag vorten 91 år og bur på aldersheim på Vinstra. Kona Magnhild døydde i 1995, 79 år gamal. Til saman fødde dei opp fem barn på Søreng. Det er med vemod og stoltheit han sit der og minnest bureisingstida i Skåbu. På veggene heng det bilete av familien og heimen som dei bygde opp. Der heng det også eit diplom for 48 års medlemskap (veteran) i Skåbu Sanitetsforening. Nok eit bevis på Magnhilds allsidigheit og engasjement.
Lauritz gløymer aldri kva Magnhild sa etter at draumen om eigen heim hadde vorte ein realitet: ”È trudd æilder at det skull kå’må opp hus her é ville mårken”. Han er svært takksamt for alt ho gjorde på Søreng. Utan hennar utrulege pågangsmot hadde ikkje dette vore mogleg, hevdar Lauritz.

Kva bureisinga har hatt å seie
I Skåbu vart det rydda om lag 30 bureisingsbruk frå fyrst på 1920-talet til uti 1950-åra. Sjølv om dei fleste no er nedlagde som jordbruk, er om lag halvparten av dei framleis bebudd. Andre blir nytta som fritidsbustader. Dei har ”glidd” godt inn i kulturlandskapet, og har såleis vorte ein naturleg del av bygda. Jorda som bureisarane braut opp, er leigd bort til dei som fortsatt driv med jordbruk. Utan denne tilleggsjorda er det truleg fleire som hadde lagt ned. I eit historisk perspektiv er dei også viktige. Bureisingsbruka minner oss om ei tid med slit, pågangsmot og optimisme. Historia om Magnhild og Lauritz på Søreng kan absolutt stå som eit eksempel for dei unge i dag. Med slik arbeidslyst som bureisarane viste, skulle det vere moglegheiter for dei fleste.

Lauritz sovna stille inn på Sundheim nokre år etter at denne artikkelen kom ut. Eit langt og innhaldsrikt, men også strevsamt liv, var over.

(Frå Fronsbygdin 2004, lagt ut første gong mai 2013)

3 Comments

Submit a Comment