CARL HENRIK GRØNDAHL: Blant dei bilda som Vegar Skar har skanna for historielaget så langt, er det mange godbitar av stor interesse, og ikkje berre lokalt. Som her. Frå Anne Marit og Knut Bay fekk han mange bilde frå den store kroningsferda i 1906. Det må ha vore litt av ei hending. Fyrste norske kongen i eit sjølvstendig Noreg sidan 1537. Fyrste ferda til det unge nye kongeparet og den lille kronprinsen gjekk gjennom Gudbrandsdalen og Romsdalen, over Molde og Kristiansund. Haakon VII og dronning Maud vart krona i Nidarosdomen 22. juni 1906. 34 år seinare var kongen og kronprinsen på flukt frå tyskarane nesten samme ruta…
0 Comments