Dølen, UiB og NRK har granska saka

Rondablikk tidleg på 1960-talet
I 2015 kom det over ein million asylsøkarar til Europa. Det merka dei sterkt heilt opp til Rondablikk Høgfjellshotell. Kva hende? Dølen, Universitetet i Bergen og NRK med støtte frå Fritt Ord har funne ut kva som skjedde på Rondablikk under asylkrisa og spør om noko slikt kan hende igjen. Saka ligg ute på nrk.no. og i Dølen.
– Det var heilt sjukt eigentleg, seier tidlegare hotellmedarbeidar Lars Domaas.
Han snakkar om laurdagen i oktober for fire år sidan då den nye eigaren brått dukka opp på hotellet. Rondablikk skulle bli akuttmottak for flyktningar.
Frå og med måndagen etter.
– Vi hadde fullt opp med hotellgjester, seier Domaas. Vi kunne ikkje berre kaste dei ut.
Domaas fortel at gjestene fekk beskjed om å forlate hotellet tidleg søndag føremiddag. Dagen etter byrja dei første asylsøkjarane å komme.
0 Comments