Skulle hatt eit penare namn?
-Eg veit at Kvammen skreiv i skulesoga at det skulle koma av ei ro der sorpet vart samla. Seier Lodvar Larsen. Han fortel at ei slik ro oftast var bak hoggestabben. Der vart flis og smårask sopt saman.
Lokalhistorikaren Eivind Budsberg hadde andre forklaringar. Han meinte at sand og sorp bles frå elva og la seg til ved Eidesand og oppover mot Knutsmorka, eller at det i bakevja ved Eidesand heile tida vart samla ting som rek langs elva, dermed vart det ei «sorpero».
-Men det er vanskeleg å seie kva som er rett, meiner Larsen. Da er han sikrare på namnet til Tormod Skilag.
-Det var nok Pål Kluften som kom med det, seier Lodvar Larsen. – Da laget vart stifta i 1905 var serleg ungdomane opptekne av det nasjonale, og Pål gjekk nok attende til forteljingane i Snorre for å finne namn. Det var nok Tormod Kolbrunarskald han tenkte på, seier Larsen.
Kjenner grenda
Lodvar Larsen er ein av dei som kjenner historia i grenda best. I Sorperoa er han fødd, og her har han budd heile tida.
-I starten var det naugre store gardar her, fortel Larsen. Lo, Kongsligardane, Tårud og Sundet (prestegarden). Omkring desse voks husmannsbruka opp. Småbruk med namn som Salmakerstuggu, Tamburstuggu, Snikkarstugga og Svarvarheimen. Alt etter som kva handverk mannen på bruket dreiv med.
I dag er ikkje desse namna så mykje brukt lenger. Plassane er oppdelte og bolighus og vegar med nye namn finn ein over heile området.
Grenda sin store son
Gamle namn, plassar og personar går fort i gløymeboka, mein ein mann kjem til å leva vidare i historia, meiner Lodvar Larsen. Han siktar til Pål Kluften.
.Han har betydd mykje for Sorperoa, seier Lodvar.
Guten, som var fødd i Ruste, men voks opp i Liabakkstuggu i Sorperoa, sette spor etter seg både innan skrift og musikk.
-Pål spelte fele og komponerte, han skreiv dikt, sangar og forteljingar. Best kjend er vel sangen om «Hans og hånnan», som er mest for «nasjonalsang» å rekne i midtdalen.
Lodvar legg ikkje skjul på at han tykkjer Pål har vore litt «underkjend», særleg for musikken sin. Han set stor pris på den store sambygdingen sin, og har ingen vanskar med å plukke dikt og vers fram frå minnet.
Her er det Eivind Budsberg skreiv i bladet Fronsbygdin i 1974:
EIVIND BUDSBERG: I dei siste åra har det både ein gong og to gonger vori ymta frampå om at grenda Sorperoa skulle hatt seg eit penare namn. Einskilde trur namnet kjem av noko mindreverdig. Som ventande vart dette forkasta av juryen, da dei var einig i at denne grenda er finaste Sorperoa i Noregs land. Det er til den største undring kor fantastisk flinke forfedrane våre var til å finna høviske namn over alt.
Dei fleste, for ikkje å seia alle, som bur i Sorperoa har gong på gong sett kva namnet kjem av. Originalen er eit naturfenomen som i det fyrste er beståande av ei stor sandgrunne i Laugen under Eidefossen, og ved denne grunna er det ei evje, der Laugen ved høg vannstand legg at ei brei flå med sorp, som her turkast godt på stranda. Når så nordavinden kjem med bør, så er terrenget og formasjonane i sjølve dalføret her såleis laga at her får vinden blåtak, og han sveiver sand og sorp saman og hiver dette opp i lufti til ei svart sky, og dette feiar han så rett mot sør oppver Eidesand og vidare inn over skogen i grenda. Attende i all eva av år har her vinden skyssa oppover i 1000 tal av kbm sand, og dimensjonane er så store at namnet lett kunne festa seg av eit mindre.
Professor Olav Nordhagen, som i si tid var arkitekt over Trondheim domkyrkje, var om somrane i mange år i ferien på garden Sandheim i Sorperoa. Som så mange andre bada ofte Nordhagen i Laugen under Eidefossen.
Ein dag dei låg der i vatnet og plaska, kom eit vindkast som si vane tru ruska opp i sand og sorp og strauk så tilslutt sin veg med dette.
Da professoren såg dette skodespelet, vart han reint som vill, reiste seg opp i vatnet og ropa til sønane sine: Nei sjå, gutter, der feia det av garde Sorperoa. Der har dei i ordet truffe spikren på hovudet, var også hans konklusjon.
Eg er vitande om at det ein stad står skrivi Sødorproa, og eg er vel vitande om kven som står for denne prestasjonen. Fyrst som sist kan vi vedgå at vi er ikkje nå eingong skuggen av det dei var i fordums tid til å finna høvelege gode namn.
Skal det nå til dags vera ei namnetevling for nye namn på eit eller anna, så kjem det eine forslaget etter det andre så burti hår og heim at det mest av alt liknar på skrymt.
0 Comments