Historielaget treng di hjelp

Det må ha vore godt å høyre matklokka. Arbeidsfolk som var ute på aker og eng, fekk varslet: Nå er det kvile og mat. Det var mange matklokker i Fron. Men bruken tok slutt på 1950-talet. Ingen ringer traktoren heim. Og arbeidsfolk har klokke sjølv. Men kva har skjedd med klokkene? Heng dei framleis der dei hang? Eller støver dei ned på låven? I garasjen? Fron historielag har tatt på seg å lage oversyn over alle matklokkene i Fron. Kva for gardar ringde folket heim? Kvar er desse klokkene nå? Når vart det støypte? Og kvar? Historielaget treng deg og det du veit. Det er Marit Håkenstad som samlar informasjonen. Ta kontakt med ho: sms på tlf 911 23 056. Ho ventar spent.
Eg hugsar godt at matklokka på Lo var i bruk da eg som gutunge var med i potetonna der fleire år på slutten av 50-talet/tidleg 60-talet.
🙂
Vi har matklokke på stabburet. Eg har lite fakta å bidra med. Klokka er på eit toetasjes stabbur med steintak så det er ei farefull ferd å komme opp til klokka.