Send epost eller sms til Marit Håkenstad

Johannes Brandvol registrerte matklokker i Sødorp ein gong på 1990-talet. Sjølv har han ikkje resultatet. Veit du noko om dette? Kven kom oppdraget frå? Kven vart denne registreringa send til? Kan du hjelpe oss her? Marit Håkenstad er den som samlar informasjonen om matklokker i Fron. Send ein epost: [email protected] eller ein SMS til 911 23 056. Her er nokre av dei reaksjonane som har kome så langt:
Frå Kjell Grytting:
Hei Marit. Sender deg eit bilde av gardsklokka (matklokka) på nordre Grytting. Har ikkje nøyaktige mål, berre ca. høgde 38 cm med diameter nederst 28 cm. På klokka er det innstøpt «Oluf Erson i Saffarbo 1812». Øverst er det innstøpt ornament rundt heile klokka. Ho vart brukt fram til 1952-1953. Det var Hans Olsen Grytting som bygde klokkehuset som en avslutning på flyttinga av gardstunet i 1856, dette vart påbegynt i 1798. År 1856 er innsmidd på ein vimpel av stål på tårnet. Klokkehuset har vore godt vedlikeholdt gjennom det meste av alle år. I 1982 var det likevel tid for ettersyn. Det viste seg at det var i svært dårlig forfatning. Eg tok derfor og restaurerte heile tårnet frå sokkelplata og heilt opp etter dei gamle former.
Frå Olav Haraldseid:
Eg hugsar godt at matklokka på Lo var i bruk da eg som gutunge var med i potetonna der fleire år på slutten av 50-talet/tidleg 60-talet.
Frå Marit Taarud Kirknes:
Vi har matklokke på stabburet. Eg har lite fakta å bidra med. Klokka er på eit toetasjes stabbur med steintak, så det er ei farefull ferd å komme opp til klokka
Nå ventar Marit Håkenstad på reaksjon frå deg som har noko å melde. 🙂
0 Comments