Litt om kvifor høgtida heiter jul og ikkje har eit kristent namn

Dei tok over det heidenske namnet. Sør-Fron sangkor i Sør-Fron kyrkje jula 2013. Foto. Carl Henrik Grøndahl
Ordet jul er heidensk. I storparten av Europa har feiringa fått eit kristent namn: På engelsk Christmas «kristmesse», tysk Weihnachten «vienatt», fransk noël i tydinga fødsel. Men hos oss har høgtida sitt gamle germanske namn jul. Håkon den gode påbaud på 900-talet at landet skulle feire jul den 25. desember, samstundes med den kristne høgtida i heile Europa, og ville få slutt på det heidenske offerritualet, som del av striden med å kristne Norge. Derfor tok den kristne høgtida det gamle namnet jul i heile Skandinavia, Island, Grønland, Færøyene og Skottland. På engelsk finst Yuletide som noko riktig gammaldags. Jul kjem frå norrønt jól eller jólablót, frå den opprinnelege, heidenske offerfeiringa av midtvinterdagen i Norden, som var 12. januar. Kva ordet tyder, er omdiskutert. Jul eller Jol kan ha noko med norrøne «Jòlnir» eller «Ýlir», å gjere, andre namn på Odin.
Juleblot
I Skandinavia har ein drukke jol i uminnelege tider. I norrøn tid samla ein seg til ein midtvintersfest som vara i om lag tre dagar. Her skulle ein blota til gudane, drikke øl og leva godt. Det er uklårt nøyaktig kva ein feira under juleblotet. Det kan ha vore eit blot for god grøde, for dei daude, eller ein sol- eller lysfest som motsvar til den mørke vinteren.
Juletida var prega av kontrasten mellom fest og uhygge. Medan ein drakk jol og koste seg, måtte ein samstundes passe seg for dei mørke kreftene som var lause. Åsgardsreia, eller berre Reia, var inntil nyare tid namnet på eit skremmande følgje av trollpakk og ugjerningsmenn som drog i kring og skremde folk og dyr. Det er uklårt om denne skikken går attende til førkristen tid eller om det er ein omforma eller nyskapt skikk i tidleg kristen tid. I kristen tid var det elles særleg lussinatta 13. desember ein skulle akte seg for slike.

Enter a caption
«Det humoristiske maleriet «Julereia» (1922) av Nils Bergslien viser et kaotisk, feststemt følge av underjordiske, vetter, nisser, trollkjerringer, drukkenbolter, drapsmenn og annet pakk gjennom et norsk gårdstun julenatta. Opptoget er en variant av oskoreia, et nattlig følger av gjengangere, og henspiller på tradisjonen med å gå julebukk som en lystig feiring fra gård til gård. På bildet sees også en nisse som rir på en geitebukk, fanden med fele på ryggen av et reinsdyr, en snømann og et julenek.» (Frå Wikipedia)
Noen forskere mener at festen hadde mange trekk som minner om forfedredyrking, og at man holdt den for de døde som på vinterens mørkeste tid vendte tilbake til sine gamle bosteder. Derfor har man helt opp til vår tid bevart skikken med å la lys brenne julaften og la mat stå fremme. Sengene lot man stå tomme slik at de døde kunne bruke dem, og selv lå man på gulvet natten mellom julaften og juledagen.
Den eldste norske julefeiringen blir også tolket som en avslutning på en festperiode med slakting og brygging. Julen ble en fest der symbolske handlinger, som å ligge i halm julenatten og å sette opp julenek, skulle øke mulighetene for gode avlinger i det kommende året. En del av skikkene fra denne gamle festen har levd videre med delvis nytt innhold innenfor rammen av den kristne julefeiringen, som for eksempel den rituelle øldrikkingen. Etter innføringen av kristendommen var det riktignok ikke lenger Odin og Tor man drakk for, men for Kristus og Jomfru Maria.
Julen var den tid da de overnaturlige vesener på grunn av mørket hadde friere spillerom enn ellers. Da søkte de døde tilbake til sine hjem på Jorden, og man måtte verge seg mot det ridende følget som farer gjennom luften og kalles åsgårdsrei, oskorei eller julerei ved å male tjærekors over døren og på øltønner. En av de underjordiske som var på ferde i julen var nissen (fjøsnissen).
Julebukk
Geitebukken er eit gammalt julesymbol som ein i dag finn igjen i skikken med å gå julebukk og å pynta med halmbukkar. Dei ulike skikkane byggjer truleg på Torsdyrking, dels ved å slakta ein geitebukk til jul for å få eit godt nytt år, dels ved å spela ulike julespel, til dømes eit spel der einkvan utstyrt med bukkehovud og -pels og døydde og kom til liv igjen.
Vidare utvikling
Då Noreg vart kristna, vart det lagt vekt på å halde på gamle tradisjonar. Julefeiringa heldt fram under same namnet, men med nytt innhald. Ein erstatta midtvintersblotet med feiringa av fødselen til Kvitekrist. Der ein tidlegare hadde laga øl og blota til dei norrøne gudane, vart ein no pålagd å bryggje øl og signe det i Jesus og Jomfru Maria sitt namn. Julebukken blei endra til ein skapning som truga i førjulstida og kunne dukka opp i festar.
Mange av dagens juleskikkar har utvikla seg frå den gamle jola. Mellom anna kan det å setja ut graut til nissen i vår tid ha komme frå ofringa til forfedrane i gravhaugen på garden. Skikken med å vitje familiegraver julaftan har parallellar i denne eldgamle feiringa.
Romerske midtvintersfestar
Jødiske element
Elektrisk lysestake med sju lys er blitt svært vanleg å pynta med i advent.I jødedommen er det skikk å tenne eit stadig aukande tal levande lys i ein spesiell åttearma lysestake under høgtida hanukká, som alltid fell innanfor den kristne adventstida eller jula. I høgmellomalderen var det særleg mykje samkvem mellom jødar og kristne i området kring Rhinen i det sørvestlege Tyskland, og mange jødiske kulturelle trekk vart tekne opp i lokal kristendom. Dette er truleg opphavet til den firearma adventslysestaken der ein tenner eit aukande tal lys på dei fire søndagane føre juledagen.
Den sjuarma lysestaken, som ligg noko nærmare den jødiske hanukkijáen i form, har vore mykje bruka i samband med advent og jul i Tyskland — og denne lysestaken kom truleg til Skandinavia som eit kulturelt lån derifrå på 1800-talet. I dag er sjuarma elektriske lysestakar vanleg vindaugspryd i dei fleste hus i Noreg og Sverige og på Island gjennom heile desember.
Kristmessa i kristendommen
Kva ein feirar i samband med fødselen til Jesus, og kva tid ein feirar det, varierer mellom ulike kristne tradisjonar.
Det er usikkert kva tid fødselen blei sett i samband med midtvinteren, for det er lite i testamenta som tyder på at Jesus blei født midtvinters. I Lukasevangeliet er hyrdane ute på markene om natta og vaktar over sauane, noko som tyder på at fødselen fann stad under lemminga om våren. I dei første kristne kykjelydane feira dei ikkje Jesu fødsel; feiringa var knytt til dagen for Jesu oppstode. Dei første historiske kjeldene som nemner ei feiring av fødselen til Jesus i desember kjem frå midten av 300-talet. Ein kan ha vald datoen 25. desember fordi han ligg ni månader etter Maria bodskapsdag 25. mars, då Gud skal ha blitt kroppsleggjort som Jesus. Fleire andre hendingar er tradisjonelt knytte til denne datoen, viktigast er krossfestinga av Jesus, og det var ei vanleg oppfatting at han blei kroppsleggjort og døydde same dagen. I Roma fall fødselsfesten då saman men Saturnaliafesten, ei høgtid det høvde å kombinere med julebodskapen.
Andre tidlege kristne feira hovudsakleg dei tre vise menn som kom med rike gåver til den nyleg fødde fredsfyrsten. Datoen for dette vart sett til 6. januar, som òg blei sett i samband med dåpen av Jesus tretti år seinare. Fødselsfeiringa på juledagen var mindre viktig, og fekk ein eigen liturgi først på 800-talet.
I løpet av mellomalderen blei sjølve fødselsdagen til jesusbarnet viktigare. Dei førti dagane fram til juledagen, som byrja med mortensmesse, blei ei fastetid, medan juletida i kyrkjeåret tok til med juledagen og varte i dei førti dagane fram til kyndelsmesse. Juleevangeliet fekk no ein sentral rolle. Det blei vanleg å framføra det som eit spel eller framstilla det i ei julekrybbe, skikkar som har halde seg til våre dagar. Songar som gjenfortalde historia eller prisa fødselen blei skrivne og framførde.
Opp mot vår tid er det utvikla ei rekke skikkar med symbolsk kristeleg innhald, med eller utan anna opphav, til dømes juletre, adventskalender, adventskrans og adventsstjerne.
Tradisjonen med å gå i kyrkja julaftan har halde seg ved lag også mot slutten av 1900-talet, då kristen utøving gjekk ned i Noreg. I 2005 gjekk til dømes 591 690, rundt 1/8, til gudsteneste denne dagen.
Publisert her første gong 25.12.2014
0 Comments