Ivar Kleiven fortel om omgangslivet før i tida

IVAR KLEIVEN: Det er lite og tunt det som let seg sanke om omgangslivet i bygdene frå gamal tid, men det var rusdrikken som både i 16- og 1700-talet var grunnlaget for all moro i omgangslivet, i lag og samkome. Livet gjennom denne lange tidsbolken var hardt og vilt, og den onde makta til rusdrikken kunne bli rå og ustyrleg. Både i likferd, bryllup og andre samkome hendte det tidt og jamnt at det braut laus med stygge hardkulo, usemje og slåsting så blodet rann og hårtoppan fauk, ofte tok folk skade på kropp og klede.
Der var «kjempo» og «go´e kare» som skulle freiste armstålet sitt, og det var tvidrag mellom granner om det eine og andre som dei prøvde å avgjere med nevaretten. Det var gjævt å vera halde for ein «go´kar», og ein kar med ein sterk, nøytaug og gjennomgod kropp vart vølt mellom sambygdingane sine for desse føremonane, slik som det er kjend frå sagatida.
Ungdomen som voks opp hadde eit stort livsmål med å temmja seg opp til å bli go´kar, og leikane dei gjorde i samkoma i grendene gjekk støtt ut på lekamsøving. Med i denne oppøvinga høyrde dragsmål på ymse vis og som så ofte vart opphavet til eit slagsmål eingong seinare.
Dei fleste av dei gamle leikene som vart brukt mellom dei unge i gamle dagar, er reint bortglømde, men det er kjent at dei ofte gjekk hardt til, om det ikkje nettopp var ovennskap, og mellom føre og sterke ungdomar kunne det bli så sterk kapping at dei meire veikgjorde vart klemde ut av leiken – det kunne vera så veggen skolv og heile huset rista
0 Comments