Eit resulat av velferdsstaten?

Betre å bygge bygdeby om Vinstra stasjon hadde vore ved Brandvol? Postkort frå ca 1965
RAGNAR ØVRELID: Når Vinstra ser ut som det gjer, med regulerte bustadfelt langt oppover i lia, kjem det mykje av at stasjonsområdet vart for trongt til særlege utvidingar. Hadde dei som kring 1980-kjempa for at stasjonen skulle ligge ved Brandvol fått sin vilje, hadde bygdebyen hatt mykje større plass til å legge på seg.
Ser vi på grunnlaget for bygdebyen Vinstra i dag, betyr sjølvsagt handelen framleis mykje, enda mange av butikkane høyrer til større forretningskjeder som blir fjernstyrte utanfrå, og ikkje er lønsame berre for Vinstra. Vinstra er framleis handelssenteret for heile Fron, og når det gjeld visse vareslag, som t.d. landsbruksmaskinar og elektrisk utstyr, for store deler av Gudbrandsdalen. Industri har det derimot blitt lite av. Dei store kraftutbyggingane i distriktet fekk ingen ringverknader slik. Det er mykje som tyder på at samfunnsforskarar har rett når dei set tinga på spissen: Den moderne bygdebyen har ikkje vakse seg til på grunn av planlagde regionale eller lokale tiltak. Den er først og frem eit resutat av velferdsstaten, av statlege reguleringar og lover, og av statlege overføringar. Ein stor del av dei som bur på Vinstra, arbeider i skole- og helsestellet eller i offentleg administrasjon, i eller utanfor bygdebyen. Mange har arbeid i servicenæringar for jordbruket i bygda, som igjen har fått betre økonomi gjennom norsk landbrukspolitikk.

Skulle sentrum vore lenger sør? Normann postkort ca 1975
Mange har flytt til Vinstra frå grendene omkring også, eller flytt heimatt frå andre landsdelar. På gardane overtok maskinane. Men bygdebyen hadde arbeidsplassar, særelg for kvinnene, som i 1970-åra kom inn i arbeidslivet for fullt.
Det var ikkje berre på grunn av arbeid folk flytte til Vinstra heller. Familiefedrane kan fortsette å jobbe i Skåbu, men dei bur på Vinstra. Barna skulle gå på skule eller vere i barnehage. På Vinstra kunne dei fleste få dekt behova sine for butikkar, lege, frisør og for offentlig service, her var det fritidstilbod av alle slag for heile familien. Da Israel Krupp kring 1970 skulle bygge hybelhus for dei tilsettte ved konfeksjonsfabrikken i Sør-Fron, sette han opp hus – på Vinstra.
I dei siste åra har oppsvinget på Vinstra stansa, skal ein døme etter folketal og husbygging. Om det er slik, at grunnlaget for den moderne bygdebyen først og fremst er statens velferdspolitikk, kan ein vel heller ikkje rekne med at ekspansjonen skal halde fram i all framtid.
Frå Historia om Fron , bind 2
Hei, flott at dere er på nett. Er litt glad i dalføret og er også svært intressert i historien. Mere ble det etter hvert da jeg fant ut at min tippoldefar med fam reiste ut fra Vinstra i siste halvdel av 1800-tallet. De kalte seg Kongslimoen, og det var kanskje i forbindelse med Kongsli gard. Tenkte å prøve lese i bygdebok med noe familieoversikter. Har dere noe å anbefale? Ellers kan jeg tenke meg å betale et medlemskap i laget.
Hei Kan tenke meg å ha et medlemskap i historielaget. Er intressert i både historien og nåtiden. Tenkte også å høre om noe anbefalt lesing ang. Kongsli og Kongslimoen da min tippoldefar med familie reiste derfra i siste halvdel av 1800. Han hette Ole Olsen Kongslimoen da han kom til Trøndelagskysten.