Dei fleste kjenner nok til det store rekrutteringsarbeidet som sørfrøningen Anton Amundgård og Arne Risdal frå Skåbu sette i gang på Sør-Fron i 1974. Allereie fire år seinare opptredd juniorspelemannslaget i programmet Romjulstreff i fjernsynet. Det er grunn til å tru at samtlege frøningar hadde benka seg da! Det er gjort forsøk på å få tak i programmet, men NRK har det dessverre ikkje i arkivet sitt. Klikk på utklippet for å forstørre det. Nokre år seinare gav juniorspelemannslaget ut ein kassett. Høyr her: https://fronhistorielag.com/2014/12/10/slek-laet-det-pa-fron/
0 Comments