Luftslotta på Golå

Kvar vart det av hopp- og akebakken?

SØR-FRØNINGEN 1/1988: Hoppbakke-utbygging i samarbeid med dei 5 idrettslaga som skal stå bak langrennsanlegget, er ein av mange idear som har vore laust drøfta på Golå. Saka ligg førebels på diskusjonsplanet. Skal ein bygge ein 70-metersbakke, blir det straks omstendeleg. Da kjem ein inn i skikretsens annleggsplanar. Men idéen er ikkje dom, og moglegheitene i terrenget er mange.

Det finst òg dei som ivrar for eit skiskytaranlegg i samband med langrennsløypene. I dag som ein brukar småkalibra våpen i skiskyting, er ikkje dette noko problem når det gjeld sikkerheit og støy.

Akebakke med heis er eit av luftslotta som svevar over Golå-området. Det er Rita Mood på Golå Høyfjellshotell og kommuneplanleggar Arne Skuterud som har lansert idéen, men det er lite truleg at han blir realisert før mot slutten av 90-talet. Fyrst på den tida reknar ein med at planane om hytteutbygging nord for hotellet vil vera aktuelle.

I mellomtida er ein meir innstilt på at utbygginga vil skje mellom dei to hotella, Wadahl og Golå. På den måten vil ein prøve å skapa noko meir av eit landsbymiljø langs vegen mellom hotella.

Fjellets ensomhet er ikkje lenger noko trekkplaster for turistane. Sjansen til å vera saman med andre er vorte ein vesentleg del av turisttilbodet.

0 Comments

Submit a Comment