Kva vart borte på Rustmoen?
Ruste skule 1894

Dei gjekk på Ruste skule i 1894

rusteBli med på gåtur gjennom Rustmoen, tysdag 29. mai. Kl. 18.00. Oppmøte Ruste barnehage.
Historie og historier ved Anders, Lodver og Johannes. Føremålet med turen er å fortelje om plassar som er vorte borte, og om folk som har fløtt ut- utvandring – og andre fløtt inn. Og litt om den nedlagde skulen. Og litt om grusuttak og industri. Anders Haugen og Lodver Bryhn har brukt kyrkjebøker og folketeljingar for å kartleggja folkefløttinga. Johannes Lunde med god hukommelse og lokalkunnskap vil krydde turen med historier.
Ta med kaffe og noko å bite i. Det blir kafferast.

 

0 Comments

Submit a Comment