Markering i Øvre Skar

Øvre Skar.. (Bilde: Nordisk kulturlandskapsforbund)

Sundag 28.06.15 kl. 12.00 inviterer Harpefoss IL og DNT Gudbrandsdalen til markering av at restaureringsarbeidet i Øvre Skar er kome så langt at det første huset kan takast i bruk i tursamanheng. Det er det vesle eldhuset som nå er rusta opp. Her er ein video frå Øvre og nedre Skar. Her finn du glytt frå ein barndom i Nedre Skar. Du får enkel servering og litt både å sjå og høyre. Til Skar kan du kome på ulike vis. Du kan køyre vegen opp mot Kile frå Harpefoss til Skarvegen, og gå denne, eller følgje merka stig frå Solbrå og opp Skarsmorka. Du kan også ta Pilegrimsleia frå Sødorp og fram til Skar. Alle tre alternativa er fine turar som er overkommelege for dei fleste. Har du spørsmål så ring 95818673.

0 Comments

Submit a Comment