Meir skatt for dei flinke

by | 14. mai 2015 | Jordbruk | 0 comments

høykjør1930

Høykjøring på Bjørka ca 1930. Skjønnslikna? Foto: Bersvein Bjørke

RAGNAR ØVRELID: Til 1953 kunne gardbrukarane velje om dei ville skatta etter rekneskap eller om dei ville la seg skjønnslikne. Dei fleste valde skjønnslikning. Det var helst dei større gardane som leverte rekneskap. Det var sjølvsagt mykje misnøye med denne likningsmåten. Kvart år kom det inn bunkar med skatteklager til kommunen. Vi gjengir eit klageskriv her med alle menneskelege undertonar (namna er endra):

Til ordfører Hernæs!

Det er så fryktelig stor skat på Nils. Og så tenkte eg på å høyre om du vil vera så snild og hjelpe oss å få avslag. Det er da mye mere på han enn på store gardbrukere som har fulle fjøs med kryter og store revefarmer. Og vi har da bare ei ku. Vi er da fem mennesker i familien som skal ha mat og klær, og vi kjøper alt vi behøver. Og nu fikk Nils arbeide, og da tenkte han på å få istand fjøset, det har vore halvgjort i mange år, men nu blir det skatten, så da nytter det ikke. På Nils er det 300 kr og på NN er det bare 100 kr, og han har da fast fortjeneste hele tiden. Vi sier ikke noe om å betale skatt, for det er noe som må gjøres, men det er så ergerlig at det skal vera så stor forskjell. Så hvis du kan hjelpe oss med og få han ned lite grann  så har det vore bra.

Ærebødigst

NN. Hundorp.

Brevet hjelpte. Vedkommande fekk verkeleg skatten nedsett.

Prosentvis skatt vart ordna slik: Nemnda hadde nokre handfaste verdiar å gå ut frå: det fanst ein skattetakst på bruket, og alle skulle levere næringsoppgåver over talet på husdyr, over gardreiskapar, avling, husstandard og liknande. For å finne fram til ein rimeleg prosent sende likningskontoret i 1930 ut spørreskjema til 30 representative gardar. Men papira vart berre sende til gardbrukarar, ikke til småbrukarane, og dei kom mest aldri inn att i utfylt stand. Så enden vart at likninga fastsette eit prosenttal etter skjønn, t.d. 5%.

På denne måten måtte skjønnet til likningsnemnda bli temmeleg vilkårleg. Særleg urettferdig verka den påplussinga som heitte pålegg for «personleg virke». Det vart gitt til dei som var ekstra flinke med garden, eller var aktive i bygda på anna vis. Slik kunne ein drivande gardbrukar med stor gjeld få etter måten høg skatt, men ein rik gard, der brukaren ikkje på noko vis merkte seg ut, kunne sleppe rimelegare.

Som vi kan tenkje oss, kunne personlege forhold også telje i eit slikt system. Og skjønnslikninga kunne bli urettferdig på to måtar: Større gardar kunne finne ut at det lønte seg med prosentlikning. Her var systsmet så tregt at dei same tala hadde ein tendens til å gå att år etter år. På den andre sida kunne småbrukarane ofte få for stor skatt etter prosentsystemet, ettersom grunnlaget for prosentrekninga som regel var oppgåvene frå dei større gardane.

I 1953 kom den direkte skatten til gardbrukarane i Fron. Frå da av måtte dei levere sjølvmelding bygd på noteringar eller på rekneskap over gardsdrifta. Etter mange år med skjønnslikning hadde gardbrukarane rimeleg nok ein viss angst for likningsvesenet. Mange reagerte negativt på krava om notering og rekneskap. Minst mogeleg vart lagt fram

Men vi kan sjå mange eksempel på at skatten gikk ned etter 1953, særleg på dei mindre bruka.

0 Comments

Submit a Comment