Musikalsk årsmøte attvalde styret

by | 5. apr 2018 | Informasjon | 0 comments

historielagstyre

Styret i historielaget vart attvald for 2018. Frå venstre: Åge Hagestuen, kasserar, Gunnar Lien, Marit Taarud Kirknes, Eivind Holen, sekretær, Ellen Steberg. leiar, Egil Myhre, nestleiar, Nina Berge Rudi og Ole Chr. Risdal. Foto: Rasmus Stauri.

Det vart eit særs musikalsk årsmøte i historielaget i år. Dei 35 frammøtte fekk ein tre kvarters konsert med brørne Rasmus og Hans Kjorstad, og fagfolk kommenterte spelet slik: «Det e´ felespel som dug, det gut!» Elles vart styret attvald, rekneskap og budsjett vedteke. Driftsresutatet for 2017 var på kr 42 127. Referat kjem seinare.

kjorstad.jpg

Konsert med Rasmus og Hans Kjorstad. Felespel på høgt nasjonalt nivå. Foto: Carl Henrik Grøndahl

IMG_4616

Ikkje berre årsmelding og rekneskap for dei frammøtte, men ôg felespel det svingar av. Foto. Carl Henrik Grøndahl

0 Comments

Submit a Comment