Det kjem ingen invitasjon til videokonkurranse med pengepremiar frå Fron historielag i år. I fjor var det ingen som hadde lyst eller høve eller interesse nok til å vere med, og det har styret tatt konsekvensane av. Så får ein berre håpe at frøningane etter kvart oppdagar kva for eit enkelt, billeg og framifrå medium video er til å fortelje lokalhistorie. Videoen over et eit døme på kor enkelt det kan gjerast, og kor mykje bilde og lyd fortel. Meir enn 500 har så langt sett han på youtube.
0 Comments