No er det klart for konfirmantane

Tysdag var det dugnad på Fron bygdatun, og 11 arbeidslystene medlemmar møtte fram med rive, vaskebytte, støvsugar og traktor. No er tunet rydda og fint til konfirmantane skal forevigast. Det vart vaska og pynta i stuggu frå Søre Skogen, og renna åt oppgangssaga frå Meåkre og kverna frå Skurdalshaugen fekk seg ein reinsk. Været held seg nokolunde utover eftan, og under den vesle regnbya som kom, tok vi kaffi og kringle i inne i stuggua, med tilhøyrande gode historier. Takk til alle som møtte fram, og så får vi håpe mange brukar og set pris på bygdatunet i sommar.

0 Comments

Submit a Comment