Omgangsskolen i Skåbu og lærar Torger T. Risdal

Torger T. Risdal og familien hans om lag 1885. På fanget til Torger: Mari f. 1882, Ivar i midten (døydde tidleg). På fanget til Kari: Svein 1884. Bak står odelsguten Torger f. 1877.

Torger T. Risdal og familien hans om lag 1885. På fanget til Torger: Mari f. 1882, Ivar i midten (døydde tidleg). På fanget til Kari: Svein 1884. Bak står odelsguten Torger f. 1877.

OLE CHRISTIAN RISDAL: Torger T. Risdal frå Skåbu tente læraryrket i nesten 50 år. Frå 1872-1919 hadde han ansvaret for opplæringa i to skolekrinsar. På den tida var det såkalla omgangsskole, der ungane rullerte skolegangen frå gard til gard. Skåbu fekk ikkje eige skolehus før i 1908. Ved sida av lærargjerninga var han både gardbrukar, kyrkjesongar og bygdehistorikar. Samstundes var han politisk engasjert, og her var han særskilt oppteken av utviklinga i fjellbygda.

Oppvekst

Torger T. Risdal var født i Nørdre Risdal i 1852. Han var eldstemann i ein syskenflokk på seks og såleis odelsgut. Han vart gift med Kari I. Nistugun Skabo og saman fekk dei 12 barn. To av dei døydde tidleg. Tidleg i barndomen fekk Torger ei særskild interesse for historie. På den tida han vaks opp var det vanleg med kveldsseto. Etter at arbeidsdagen var over sat heile familien kringom peisen, mens dei vaksne fortalde historier om folk og fe, hulder og skrømt. Dette var ei særs verdifull samlingsstund og ein viktig læringsarena for barna. Det er nok ikkje tvil om at Torger vart fascinert og inspirert av dette. I vaksen alder vart han så oppteken av Svarteboka. Dette var ei bok med hekseformular og magiske oppskrifter, og i Universitetsbiblioteket i Oslo finst det slike bøker som han hadde teke vare på. Men den viktigaste inspirasjonskjelda med slike kveldssetoer var nok sjølve forteljarkunsten. Kanskje var det slike ”magiske” kveldar som gjorde han sjølv til ein framifrå forteljar. I alle fall fekk han lyst til å bruke evnene og kunnskapane sine. Han ville bli lærar i staden for gardbrukar. Den gongen var det ikkje så mange som hadde moglegheit til å få seg ei utdanning, dessutan var han jo odelsgut. Men Torger var heldig og kunne ta forberedelseskursus i Land i 1870 og deretter starte på Hamar seminar. Foreldre og sysken tok seg av gardsdrifta, men han gav aldri frå seg odelsretten og tok etter kvart over garden.

Tidlegare lærarar og “Skulemeisteren”

Amund Eriksen frå Sør-Fron var klokkar og lærar i Kvikne og delvis lærar i Skåbu frå 1845-1857. Ole Morken frå Ruste var konstituert som omgangsskolelærar i 1854 og 1855.  Per T. Åsmundstad frå Kvikne jobba i fjellbygda frå 1855-1857. Etter skulelova frå 1860 fekk Skåbu ein seminarist frå Hardanger som heitte A. Tufte. Men han vart i bygda berre eit par år, og etterpå var det stadig utskifting av lærarar. Onkelen til kona hans Torger, Nils Nistugun Skåbu, jobba som lærar både i Skåbu og Kvikne. Torger, sonen til skolemeisteren, fortalde ei artig historie om han. Den gongen var det heilt vanleg at lærarane røykte pipe i klasserommet. Ein gong fann elevane på at dei skulle gjere eit lite pek. Dei putta nokre krutkorn oppi pipa hans, og da han skulle tenne på ho, putra det godt og røyken stod i taket. Elevane klarte ikkje å halde seg anna enn dei fniste og skratta: ”Ja, men døkk skjønne at ho é slék at ho renske sé n’ gong é blant”, sa han Nils. Før Torger Risdal begynte var det også ein som heitte Lunde frå uti Østfold. Han skulle vere ein kveik og artig kar. Det er fortalt om ein gong han var på dans saman med kona si. Under dansen vart det som venta riktig kveikt, og han begynte å slenge kona si opp i lufta. Så snudde han seg og sa: ”Her er gutten som kan danse her.” Marit Semelenge frå Valdres var den fyrste kvinnelege læraren i Skåbu. Ho var i bygda frå 1892 til 1926.

Ved prostevisitasen i 1871 var det stor misnøye med kunnskapen til Skåbubarna.  Året etter var Torger ferdig utdanna, og vart 2. oktober tilsett som lærar i Skåbu og Graupe krinsar. Med han skulle fjellbygda få ein fast lærar i dei neste 47 åra. På folkemunne vart han kalla berre Skolemeisteren. Biskop Folkestad hadde god tru på han som lærar. I 1873 var det bispevisitas og i meldinga står det: ”Den nylig ansatte Lærer ved Skabo, Torger Risdal, gav godt Haab om at blive en duelig Lærer.” Etter som tidlegare elevar av han fortel, er det grunn til å tru at biskopen fekk rett i spådomen. Dei seier at dei lærte mykje av han og at han var godt likt som lærar. Rønnaug Sagboden f. 1895, gjekk hos skolemeisteren i Veslum. På eit lydopptak fortel ho at ho likte seg så godt på skolen at ho syntest det var trist å slutte. Sonen Torger fortalde også at faren underviste til saman 12 veker i kvar krets, altså 36 veker i året. Da han var i Veslum gjekk han til og frå kvar dag, om lag tre km ein veg og opp att den bratte Kamsfossen. I Hågåstugu var det lærarbolig med skolegard, slik at han kunne bu der med huslyden sin. Skolegard innebar at det var lærarjord med husdyr, slik at lærarane hadde tilgang på både mat og drikke. Dette skulle vere eit tillegg til den vanlege løna. Da han var i Graupe, nytta han seg som rimeleg kunne vere, av retten til gratis losji. Men dei siste åra han jobba som lærar, fann han ut at han hadde godt av å trimme, og gjekk att og fram dei åtte kilometrane frå Risdal i Skåbu til Graupe i Tverrbygda. Torger var nok ikkje redd for eit ekstra bryderi når det gjaldt å hjelpe elevane sine. Allereie da vart elevar med særskilde vanskar sendt på spesialskole. Den gongen var det ikkje slike skolar i distriktet vårt, og det er fortalt at Torger fylgde ein av elevane sine heilt til Levanger. Det var nok ikkje greitt for ein unge å måtte forlate heimbygda, og bu så langt frå heime utan familien sin. Heldigvis gjekk det bra med denne eleven seinare i livet, noko det slett ikkje gjorde med alle på den tida. Da var det ikkje nokon velferdsstat som kunne ta vare på folk, slik som det er i dag. Nå har vi i staden har vi fått andre typar problem og utfordringar.

Forordningar og lovar

I samband med skoleforordninga frå 1739 blei det inndelt i skoledistrikt, og vi fekk omgangsskolen med skoleplikt frå 7 til 12 år. Sokneprest David Schiøtte hevda same året at det trongst 5 ”skoleholdere” i Fron, fordelt på fem distrikt. Bygdehistorikaren Ivar Kleiven kalkulerte da med at det måtte bli 150 barn på kvar skolemeister. Nesten hundre år seinare var det f. eks i Ruste 170 elevar på ein lærar. I 1813 vart lærartalet auka til 10. Etter den fyrste norske skolelova frå 1827, skulle distrikta delast inn i roter. Dette kan vel samanliknast med det vi kallar krets i dag. Dei elevane som høyrde til ei rote, søkte skolen samtidig.

I 1852 kom sokneprest Christie med ei oversikt over skolestellet i Nord-Fron, og i Skåbu skoledistrikt omfattar omgangsskolen tre plassar: Uppigard Graupe (søndre rode) med 19 elevar,  Hågåstugu (midtre rode) med 13 elevar og Veslum (midtre rode) med 37 elevar. Til samanlikning vart omgangsskolen i Ruste halden på 20 ulike stader til sist i 1850-åra. Skolen skulle haldast 18 veker i året.

 Fag og eksamen

I samband med skolelova frå 1827 vart det fastset at det skulle undervisast i lesing, religion og bibelhistorie, song etter salmeboka, skriving og rekning. Skoleplikta var frå 7 år til barnet var konfirmert. Undervisningstida var minst tre månader for kvar rote. Det vart også bestemt at det skulle haldast offentleg skoleeksamen. I omgangsskolen vart det halde eksamen rotevis og det var soknepresten som skulle høyre elevane. Den 3. juli 1840 heldt res. kapellan i Fron, P.M. Selmer, eksamen på ein av Skåbu-gardane. Av dei 12 som møtte, las alle dårleg med unntak av to. ”Forstandsøvelsen er så godt som ingen, og det lidet som er læst udenat, vide de Fleste ikke at gjøre Rede for.”  Kravet til meir kunnskap gjorde seg også gjeldande blant folk på landsbygda, og i 1860 fekk vi ein ny lov som opna for at verdslege fag kom inn i skolen. Det skulle ikkje lenger berre vere rein religionsskole. Dette gjekk naturleg nok ikkje for seg utan motstand. Særleg strid stod det om Petter Andreas Jensen si nye lesebok, populært kalla Jensens lesebok. Leseboka inneheldt stoff frå historie, geografi og naturfag. Diktarane Bjørnson og Vinje, samt Asbjørsen sine folkeeventyr var representerte. Det eigentlege namnet på boka var Læsebog  for Folkeskolen og Folkehjemmet. Ho vart avløyst av Rolfsens lesebok i 1900. Ein finn ikkje noko om det var open strid her i Fron, men lærarane var i alle fall ikkje einige. Fleire meinte at Bibelen framleis måtte vere leseboka i skolen. Lova frå 1860 bestemte også at lærarane skulle ha skikkeleg utdanning frå seminara. I kvar kommune fekk vi ein skolekommisjon som skulle veljast av kommunestyret. Lærarane skulle ha ein representant, medan soknepresten framleis skulle vere formann. Denne store satsinga på skolen førde til at lærarstatusen endra seg betydeleg. Læraren vart ein respektert mann i bygda. Tidlegare var læraren i bygda utan utdanning og var ofte mindre skikka til yrket. I samband med skoleeksamen er det også fortalt ei historie frå den tida Torger var lærar. Eksamen skulle haldast i Hågåstugu, men same dagen var det også bryllaup i Skåbu. Sokneprest Olsen måtte derfor innom Kviknekyrkja for å vigsle brudeparet før han drog vidare til Skåbu. Men hjelpepresten hans, Wexels, drog likevel til Hågåstugu. Han vart kalla berre for matpresten og var nok meir oppteken av bryllaupsmaten enn eksamen. Wexels syntest nok ikkje han hadde tid til å vente på soknepresten. Derfor spurde han Torger, som også var bedt til bryllaupet, om dei kunne gjere seg ferdig med høyringa. Jau, det var greitt og dei kom i gang. Men det gjekk ikkje lenge før Wexels tykte det gjekk for seint og at Torger stilte for vanskelege spørsmål. Han foreslo derfor ei enklare oppgåve, og deretter slike karakterar at soknepresten skulle tru at dei hadde streva hardt med elevane. Da Olsen endeleg kom til Hågåstugu og oppdaga at eksamen allereie var avvikla, vart han ikkje vidare blid på Wexels og gav han refs. Da Wexels og Torger kom til bryllaupsgarden var middagen allereie ferdig. Men dei skulle sjølvsagt få mat likevel. Wexels tykte at det tok til å minke på maten, og gjekk derfor etter ei av serveringsdamene og spurde: ”Var det så at vi skulle få noe mer?” Frykta var nok ikkje begrunna, for det var nok ikkje nokon fare for at han ikkje skulle bli mett.

 Skolehus og lærarløner

Den nye lova påla kommunane å satse stort på skolen, noko som betydde eit stort press på budsjettet. Frå nå av skulle det vere faste skolar i alle krinsar. Da Nord-Fron i 1862 ordna med skolehus og lærarbustad i Ruste og Skåbu, kosta dette kommunen 710 spd. Amtet bidrog med 390 spd. I 1871 vart det løyvt ei tilskot på 100 spd. til skolehus i Graupe, og ytterlegare 400 kr i 1888. Til dette formålet vart det nytta ei gammal stugu i Uppigard Graupe. Da den nye skolen vart bygt i 1914, fekk Graupe endeleg fast skole. Albert Kvammen hevder i Skulesoge for Fron at stugua i Uppigard vart selt til Jørstadmoen, og brukt som soldatheim. Men det er ingen som kan bekrefte dette i dag.  I Skåbu var det bruket Hågåstugu som vart kjøpt opp av kommunen. Våningshuset vart da ombygd slik at det inneheldt skolestugu og lærarbolig. Huset står i Hågåstugu den dag i dag. I 1878 fekk vi Veslum krins med eige skolehus på garden Veslum. Tidlegare var dette Slåen krins.  Da fjellbygda i 1908 fekk den skolen som den har i dag, vart krinsane Veslum og Hågåstugu nedlagde og slegne saman til Skåbu krins. Skolestugua i Veslum vart selt og sett opp att i garden på Kampeseter Høifjellshotell, som det heitte den gongen. I dag tener denne som hytte litt ovanfor Kampeseter. Kommunen selde Hågåstugu til Iver O. Dalen i 1911. I dag er det Torbjørn Maurstad som er eigar og bur i Hågåstugu. Bygging av faste skolehus betydde i realiteten slutten på omgangsskolesystemet.

Det var nok ikkje utan grunn at kommunestyret skreiv dette i 1879: ”Fattig, skole og kirkekassen er blottet for kontanter.” Dette resulterte i at kommunen måtte ta opp store lån i desse åra. Dei store utgiftene tvang kommunane til å få mest mogleg over på krinsane. I 1879 betalte felleskassa i Nord-Fron 2427 kroner, medan krinsane brukte 2795 kroner. Etter kvart tok felleskassa ein stadig større del av kommuneutgiftene, og i 1911 vart det slutt på at krinsane hadde skoleutgifter. Lærarlønene auka etter kvart, og dei skulle nå betalast i pengar, med alderstillegg og tilskot til kost og losji. Tidlegare måtte lærarane gå rundt og samle inn pengar eller matvarer i heimane som supplement til den vesle kommuneløna. Det var fyrst etter den tysk-franske krigen i 1870-71 at vi fekk såpass økonomisk framgang at også lærarlønene kunne aukast. I 1875 løyvde Stortinget 260.000 kr som lønstillegg til alle lærarar og lærarinner. Her bør det nemnast at det var fyrst i 1869 at kvinner fekk høve til å undervise. Dette utgjorde eit tillegg på 2 kroner for den enkelte lærar. Vekeløna var no åtte kroner. Utover dette hadde lærarane både alderstillegg og kostgodtgjersle. Kostgodtgjersla fall bort i 1902. Ei årsløn for ein lærar med 30 vekes post, kunne i 1889 vere på om lag 700 kr. I 1918, på tampen av sin lærarkarriere, tente Torger T. Risdal om lag 50 kroner i veka.

 Klokkar, kyrkjesongar og prest

Ved sida av lærargjerninga var Torger T. Risdal både klokkar og kyrkjesongar. Den gongen hadde dei ikkje orgel i kyrkja, og det var derfor viktig å ha nokon til å leie songen. Han hadde ei sterk og klar stemme og passa såleis godt til denne oppgåva. Ein gong fekk han også prøve seg som prest. Grunnen til det var at det var lang veg for presten i all slags vér og føre, og det var ikkje støtt det passa for han. Torger vart derfor spurt om å leie gravferda til Hans Hamrom. Hamrom var ein liten buplass som låg langt frå allfarveg, imellom Dalsetra og Olstappen. Jau, han Torger drog i veg. Men så langt unna som det var, fann han det best å gå til nedre Dalsetra kvelden før, der han overnatta hos vertsskapet Hanna og Jehans Dalen. Gravfølgjet laut heilt åt Kviknekyrkja. Det var midtvinters og stutte dagar. Fyrst i mørkninga om kvelden kom dei att frå kyrkja, og fór gjennom Skåbu. Dei hadde ei mils veg att å fare før dei kom attende åt buplassen for å ete middag. Det var berre ei lita stugu med eit rom på Hamrom den gongen. Kokkinga gjekk føre seg under ein bergpall like ovafor stugua. Ho Gina Hølmyren kunne fortelje om det, da ho var med som kokke. Den vesle stugua var stappfull av folk, og det var ikkje så greitt å få ordne med matstellet. Men maten var både rikeleg og god, og alle fekk det dei behøvde. Da gravølet var slutt seint på kvelden, vart han Torger med til Dalsetra og overnatta, før han drog ned til bygda att. Han tykte det var ein kjei tur, men fint å vere med på. Da det lei til utpå sommaren kom enkja etter han Hans, ho Eli, med ei stor dyngje pen Olstapp-fisk som han Torger skulle ha som takk for hjelpa.

Skolemeisteren fekk mange slags oppgåver i bygda. Ein gong kom det eit kvinnfolk og spurde om han ville hjelpe henne med å ta ut skilsmisse. Men Torger ville vente til han fekk sjå korleis det gjekk. Da han trefte att kjerringa lurde han på korleis det gjekk. ”È tykkje n’ e någå likar nå”, sa ho.

Torger blei også nytta som takstmann, og skreiv i si tid dei fleste heimelsdokument og kontraktar i bygda. Dei to siste åra han levde var han sengeliggjande etter ein mislykka prostataoperasjon. Barnebarnet hans, Arne Risdal f. 1923, hugsar dette og kan fortelje at han ofte fekk hjelp av han til leksene. Han likte spesielt godt å sitje ved sida av bestefaren og høyre historier frå gamle dagar, slik tradisjonane hadde vore i uminnelege tider. Torger T. Risdal døydde i 1934, 82 år gammal. Han hadde da levd eit rikt og allsidig liv, ikkje minst opplevd og erfart skolesystemet i nesten eit halvt hundreår.

Denne artikkelen stod i Fronsbygdin 2007, publisert her første gong 15.7.2013

Kjelder

Albert Kvammen: Skulesoge for Fron.

Ragnar Øvrelid: Historia om Fron, bind 1.

Kjeldene etter Torger T. Risdal

Samtale med Arne Risdal

2 Comments

  1. Per Fredriksen

    Stemmer det at Amund Eriksen var fra Sør-Fron?

  2. ocri2013

    Nei, her har det dessverre vorte ein feil. Det har sikkert vorte blanda med at han døydde på Sør-Fron. Ifølgje «Skulesoge for Fron» av A. Kvammen, var han son til Erik Pedersen frå Kyrkjevollen i Kvam. Erik kjøpte Halvhuda i Kvikne og var lærar der før sonen Amund tok over. Erik var også klokkar og kyrkjesongar. Amund var såleis fødd i Kvikne.

Submit a Comment