Nokon som kjenner att skulehuset?
skule

Dette er vel eit skulebilde, men nokon som kjenner at skulehuset?

FRÅ RAGNHILD BJØRGE, FØDT ROMSÅS: Skulebilete frå Sør-Fron frå albumen til Marit Kjellfrid, f. Hagen, født 22. september, 1923. Marit nr. 3 frå venstre i bakre rekke. Faren var Ingvald Halvorsen Olstadhagen. Han var baker på Sør-Fron, men døydde av tuberkulose da Marit var berre lita. Mor var Gjertrud Marie Olsdatter Bjørgen. Ho heldt fram med kafedrift på Sør-Fron, etter at mannen døydde, for å tene til livets opphald. Dei åtte ikkje bakeriet sjølve, så baker Svendsen tok over bakeriet. Marit meinte at dei kunne vera i slekt med Svendsenfolket. Bestefaren på morsida arbeidde ved jernbanen, og Ringebuslekter seier at Gjertrud var født på Tolga i Østerdalen i 1891, og at bestefaren på morkanten var Ola Jonsen Bjørgen frå Støren i Sør-Trøndelag. Vi lurer litt på om dei kan rekne skylde med Marit, langrennsjenta vår!
Marit reiste til Nord-Dakota, og heile livet, frå ho gifta seg med Kåre Romsås frå Ringebu 15. april i 1959, arbeidde Marit som dyktig og trufast farmerkjerring på ein stor farm i Greiggs County nær Cooperstown, to timars reise mot nord-vest frå Fargo. Kåre tok over farmen etter onkelen sin, Sigurd Romsås i tillegg til at han kjøpte nabofarmen. Marit og Kåre fekk ein gut som hadde navlestrengen rundt halsen da han vart født. Han døydde i fødselen og dei fekk aldri fleire barn. Forpaktaren, som kom som ung student for å få praksis til studiane sine, vart som deira eigen son etter kvart, og saman med kona og tre kjekke gutar fekk dei farmen og alt etter dei til odel og eige, og Marit og Kåre fekk vera besteforeldre gode som nokon! Da Marit døydde var Romsåsfarmen vorten til storfarm, for dei kjøpte opp farmer rundt om som vart til salgs, slik at Randy Hooverson, forpaktaren hadde nok jord til å greie seg godt. To gutar voks opp hos Marit og Kåre, og sjølv om gutane hadde foreldre, kalla dei Marit og Kåre for mor og far. Slik fekk Marit vera både mor og bestemor for fem fine gutar til saman! Kåre levde til 2011, og Marit døydde 26. september, 93 år gamal.

0 Comments

Submit a Comment