[youtube=http://youtu.be/Fdynp0joKxg]
Fron historielag har invitert til konkurranse om den beste lokalhistoriske videoen frå Fron. Kr 10 000 i premiar. Frist: Måndag 8. september 2014.Vi hadde òg eit tilbod: «Historielaget vil innby til ein verkstad i mai, der dei som ønskjer det, kan få tilbakemelding på idear og framlegg.» Ingen har meldt seg, så vi veit ikkje. Er det nokon som tar den kreative utfordringa? Nokon som vil kose seg med å lage ein eller fleire lokalhistoriske videoar? Dokumentere det som lett blir borte når nye tider velter inn over dalen – og vere med i konkurransen om tre pengepremiar? Send oss ei lita melding, så juryen får oversyn over kva som kan vere i kjømda.
0 Comments