Våningshuset på Nordgard Tokse, teke tidleg på 1900-talet. Legg merke til vassrennene som går på utsida av huset. Dette var vatningsanlegget til Nordgard Tokse. Det vart ført vatn i trerenner klamra fast i bergveggen frå Sula. Så gjekk det i utgravne kanalar gjennom Nigard Tokse og ført over i nye trerenner utanfor gardstunet på Nordgard og fram til «kålgarden» og åkeren på utsida av tunet. Slik var det fleire stader nedgjennom jorda på Toksegardane. Nokre stader kan ein framleis sjå spor av desse kanalane. Fotograf ukjent. Orginalfoto i Fron historielags fotoarkiv.
0 Comments