Tømmerfløyting i Kverndalen

by | 11. mai 2026 | Vekas bilde | 0 comments

Her har dei fått ein skikkeleg tømmervase ved Kverndalen i Frya. Ein av fløytarane har klive ned i juvet ovanfor Bergsveinhølen. Huset til venstre ligg på Fron-sida og var brukt som mølle. Muren midt i bildet stammer frå ei oppgangssag som stod her tidlegare. Da drog dei tømmeret opp på Frons-sida av elva og rulla det på slåter over til saga som stod på Kjønnås-sida. Fotograf er ukjent, men stammer frå ei samling etter Arve Skurdal.

Loading

0 Comments

Submit a Comment