Ny leiar i historielaget

Aktivt og spennande årsmøte

Pål Skoe Kjorstad (t.v.) tar over som leiar etter Tormod Bråten, som framleis er med i styret.

Styret i Fron historielag vart attvald, men Tormod Bråten går frå å vere leiar til å bli styremedlem, Pål Skoe Kjorstad går frå å vere styremedlem til å bli leiar. Det vart klart på eit aktiv og spennande årsmøte på Dale-Gudbrands gard torsdag 11. april med over 50 frammøtte. Sekretær Åsmund Brækken Blakar las årsmeldinga frå et aktiv historielag, kasserar Åge Jevne Hagestuen presenterte rekneskapen for eit lag med bra økonomi, og Arild Teigen framførte eit glitrande, bilderikt og kunnskapsrikt føredrag om dei økonomiske, sosiale og politiske tilhøva i Heidal i mellomkrigsåra som låg bak framveksten av NS i bygdene i Midtdalen. Var du ikkje der og fekk du det ikkje med deg, gjekk du verkeleg glipp av noko.

Ariĺd Teigen veit mykje om lokalhistoria og er ein god forteljar.
Rekruttane spelte og opna årmøtet

0 Comments

Submit a Comment