Spelemenn, songarar og dansarar i Fron for 20 år sidan
Her kjem del 1 av programma Nye skot på gammal rot som gjekk på NRK i 1995, og her er kommentarane til Rasmus Stauri på plass. Det andre programmet vart lagt ut førre laurdag.
Hausten 1974 sette Anton Amundgård frå Sør-Fron og Arne Risdal frå Skåbu i gang eit pionerarbeid for å sikre rekrutteringa til felemusikken i Midtdalen. Ein var i ferd med å få ei forgubbing, og det var på tide å gjere noko. Etter Landskappleiken på Oppdal i 1974, bestemte desse karane seg for å byrje med feleopplæring same hausten. Dette skulle skje på grendehuset Øvertun i Sør-Fron, og allereie første kvelden møtte det opp 15 ivrige ungar. Etter kvart vart det med langt fleire, og i 1977 vart Sør-Fron juniorspelemannslag stifta. Eventyret var eit faktum. I dag veit vi at Sør-Fron er det laget i Noreg som kan smykke seg med flest titlar.

Frå feleopplæringa på Sør-Fron. Dette er henta frå ein Peer Gynt-kappleik på Vinstra (Vinstra vidaregåande skule) på slutten av 1970-talet. Frå venstre: Tore Listad, Øystein Rudi, Arne Risdal (leiar), Morten Hvattum og Svein Sletten. Foto: Oddmar Myrum.

Bak frå venstre: Arne Risdal (leiar/instruktør), Britt Sofie Haugen (Almås), Kari Åse Tvete (Hernæs), Nina Valberg (Nordrum), Liv Korstad, Tormod Rudland, Edgar Løkken, Anton Amundgard (leiar/instruktør). Foran frå venstre: Østen Hvattum, Erik Bjørke, Sigmund Lie og Jon Korstad.
I

Dette bildet er frå Øvertun i 1976. Fremst sit leiarane Arne Risdal og Anton Amundgård. Bak frå venstre: Erik Bjørke, Arne Listad, Ola Listad, Øystein Skotte, Jon Håvard Brandvol, Kristin Veskje og Liv Jorunn Korstad. Året etter vart Sør-Fron Spelemannslag stifta. Seinare begynte A. Amundgård med feleopplæring både på Harpefoss, Heidal og Sel. A. Risdal heldt også kurs på Vinstra, sette i gang opplæring i heimbygda Skåbu i 1981, og hjalp seinare til med opplæring i Heidal.
0 Comments