-Ingenstann va de så fritt som på Hamrom

Men sør-frøningane freista på å få ut han Ola og huslyden hans

hamrom

Bilete frå 2004 viser eksakt kor Hamrom låg. Her er det berre hustufter og ope terreng som vitnar om slit og armod i svunne tider. Olstappen i bakgrunnen. Bruket vart fråfløtt på 1950-talet, og etter ein bytehandel med allmenningen i 1955 rydda etterkommarane på Hamrom seg nytt bruk ved sida av RV 255, ikkje langt frå Ruten fjellstue.

TORGER T. RISDAL/OLE CHR. RISDAL: Hamrom, som låg innunder Eldbjørgshaugen i Skåbu, vart rydda svært tidleg. Den fyrste rydningsmannen her var Ola Kampesæter, eller Sæteren, som var mest brukt i dagleg tale. Han Ola og ho Ragnhild vart buande på Hamrom all sin dag. Men han Ola døydde på ein stusseleg måte, og det gjekk slik til: Han hadde vore i Skåbu etter jordeple (poteter) ein dag noko seint på hausten, og det var mørkt da han rodde inn i båtdraget sitt. På vegen opp til Hamrom i tett skog hadde han nok forvilla seg, og kome bort frå vegen. Han hadde kome for langt nord, der det er eit fleire meter høgt svaberg. Der hadde han gått seg utfor i mørke, og dei fann han død nedunder berget dagen etter.


Ola og Ragnhild hadde desse borna: Per 1860. Han døydde ung. Hans 1862 vart gm Eli Hansdtr. Geitryggen 1870. Dei vart buande på Hamrom heile levetida si og fekk mange born.
Mari 1863 gm Ola Olsen Syverhuset.

Ola var skildra som ein traust, kvikk og ordhittug kar, og morosam å vera ilag med. Kona hans var Ragnhild Olsdtr. Resset frå Heidal. Etter folketellinga for 1875 er han fødd i 1819, og ho i 1822. Men det unge paret vanta hus og heim, og så tok dei like godt til som bureisningsfolk i villmarka. Dei valde plassen for heimen sin i nærleiken av der Espa renn ned i Olstappen. Heimen sin kalla dei Hamrom, truleg fordi det ligg fleire berghamrar i nærleiken. Her hadde dei fiskevatn like ved, og lettvint var det å få tak i morkeråning til fór åt dyra.

Strid

Det har vore mykje strid og osamna om Espedalsalmenningen heilt frå langt attende i tida. Den gongen var det sørfrøningane som hadde hånd om den. Dei såg ikkje med blide augo på bureisaren som hadde slege seg til midt i stroket. Han Ola dreiv med kolbrenning, og attåt dette hadde han ein god del geit, som truleg heller ikkje spara skogen når dei kom på laus hand. Dei tykte nok at han Ola var hale hard ved skogen. Og dei som styrde i Sør-Fron hadde óg fått den trua at folka på Hamrom ville få vanskar med å greie seg fram gjennom tida, og at dei kom til å bli ei byrde for bygda. Dei kom med påstand om at bruket var ulovleg bygt i allmenninga, og han Ola vart stemt inn til forhør hos sorenskrivaren.
Under forhøret spurde sorenskriveren om kor mange krytyr han Ola hadde. ”È har 29 geit», svara han Ola. ”Å så har e’ n bokk au», la han til. ”Det blir tilsammen 3o dyr det da? » Ja, skriv 30 du skrivar”, sa han Ola. Han Ola var – så vidt ein kan skjøne – ikkje nokon borte kar til å møte øvrigheita på den tida. Da forhøret var slutt, takka han for seg, er det fortalt.- Så la han til: «Ja, è æ nå likegla om døkk fæ me bort frå Hamrom é, for dæ lyt da bli my jillar når døkk fæ mé fløtt né åt dæ store å fine Sør-Fron leill”.
Dei freista på å få han Ola og huslyden hans ut óg. Men forstmester Barth, (forstmester i Gudbrandsdalen og Valdres 186o-1892) som kjente han Ola godt og hadde fått my til overs for den kvikke og lettveruge karen, fekk hindra det. Så vart det til at han fekk sitja der ved å betala ei lita årleg avgift åt allmenningen.

Ball på Hamrom

Ola og Ragnhild var gjestfrie og kveke folk, og og inviterte rett som det var til festlege lag. Dette diktet av Halvor Veslum skildrar livet på Hamrom. Halvor var ein ordkunstnar som skreiv mange gode dikt, sangtekstar og prologar.

Ja, detta e minné frå ongsomstie –
frå dæinn tid de om somræin på Hamrom va ball.
Da ingen va bortskjemt me asfaltvæg å bile,
å hæill itte så nøye me ballslokal.
Da kunn de vera liv n laurdagskvæill étté stænåte stie
tå ongdom som itte gruvde om vægen va lang –
frå bygd’n å setré – jennom såmårkledde lie –
frå ymse kante mot Hamrom fram.
Mot Hammerviken stemna de fullasta båte –
å æille va ballsfolk, laurdagsfrie, kåte –
på Hamrom døm samlast é hopetal.

Å ingenstann va de så fritt som på Hamrom
som bortjømt é kvølva bak Æillbjørshaugen låg –
me lie rondt sé å høe bakom –
å Olstappen blank ni millom liom du såg.
Å inni stugun der jékk dans’n så berre de kost,
å liv å ståk va de ute é de fri.
Der henna de nok sume rauk é hop å slåsst,
me andre dro åt skoga på svermeri.
Folk sång å jubla å huja é de frie –
å ekko de svårå frå hauge å lie.
Slék va de når de va ball på Hamrom.

Å dansen kunn’ gå te måråsola reinn
og eille va nok glae de va syndan.
Så va de råka gjennom skogen att – millom stubbe og stein
og ni Hammerviken la båte frå land.
‘N skull tru døm som ha budd der ha tongsame dågå,
men de virka nå slett itte slik.
Nei, døm kom itte åt bygden for å syte og klågå,
Men muntre og glae – med mange og replikk.

Husa på Hamrom æ rivi nå – borte,
og det som va Hamrom fæ skogen snart gjømt.
Ja, æ de itte slik e tin’ våre vorte
eit så mangt ska slettest ut og berre bli glømt;
Men mange har nok enda blant ongdomsminne att –
e minne frå Hamrom – om e fin såmårnatt.
Og leinger heill tuftin på Hamrom syne,
vil nok døm som budd der bli prata om.
De va nok sterke folk – og e maklaust lynne
døm ha visst eille som frå Hamrom kom.
Olstappen vil spegle som før – e såmårkveille blie
lia der Hamrom upi kvølva du såg
og høge Eildbjørgshaugen som står der mørk og tie
som e vakttårn ti lende der Hamrom låg.

 

Publisert her første gong 21. november 2015

1 Comment

  1. Bjørg Kjersti Østheim

    Interessant lesing,det er her deler av slekta kommer fra .de som ryddet denne plassen var min bestefars besteforeldre om jeg ikke tar feil .var på ferie på gamle Hamrom da jeg var liten.

Submit a Comment