Om Benet, Hetta og Sølvreven

Klengjenamn på Kvam

tavle

På Vertshuset Sinclair var det tidlegare seks store tavler med nesten 150 klengenamn på kvamværar. Foto: Fredrik Weikle

HÅKON SVEEN: «Døm frå Kvam e någgå for seg sjøl!» Kor mange gongar har du hørt det utsagnet? Som gamal kvamvær har eg møtt det mang ein gong gjennom livet. Så følgjer det oftast ei rekkje historier som forel kor spesielle vi var, eller kanskje er ôg. Fyrst er det humoren vår, så kor direkte kvamværen er – vi pakkar ikkje inn bodskapen – og sist, men ikkje minst: kallnamna, eller «oppnamna» i bygda!

Det rare er at kallenamn finn du over alt – ikkje berre i Kvam. Da eg vare tretten år, flytte vi til Sør-fron. Det vart nye omgangsvener – og nye oppnamn! Det var ikkje enkelt for dei heime å finne ut kor bror min og eg hadde vore, når vi fortalde at vi hadde vore saman med: ´om Puff, ´om Elvis, med Pinta, Bura og ´om Fetmann. Som ivrig fotballkar vart det mang ei treningsstund på Flatmoen i lag med ´om Suga og Tronta. Trontin treivst forresten best med skottrening mot øvste målet. Det var det stuttast veg etter ballen. Kondisjon hadde vi frå før. Den var medfødt, så ekstra løpeturar trong vi ikkje kaste bort tida på.

Da eg seinare flytta til Vinstra, fann eg mykje av det same der. Folk hadde jammen ta meg oppnamn der au. Likevel var og er det slik at både sør-frøningane og vinstraværane støtt kjem inn på Kvam når det blir prat om kallenamn. Eg har lett etter forklaring på fenomenet, og gjennom ei svært enkel vitskapeleg undersøking tror eg at eg fann årsaka: Kvamværane – og det kan ha med humoren å gjera – trivst med oppnamna sine. I alle fall dei fleste.

Vi har nok av namn å velja i. Både frå «førr i ti´n» og i dag. Korleis namna dukka opp, er vanskeleg å vita. Somme tider kunne det sikkert gå på utsjånad, andre gonger på arbeid, på ganglag, på klede og uvanar. Kanskje var ei enkelt hending eller ein heldig/uheldig kommentar nok. Og har du fyrst fått namnet ditt – ja, da er det slett ikkje enkelt å bli kvitt det att.

Mange trur kanskje at oppnamn var noko som berre vart «originalar» til del. Slik var og er det slett ikkje. Her kjem eit lite utval kjende og ukjende oppnamn frå Kvam. På lista finn du folk frå alle lag:

fbgråtendeDreiar´n, Garvar´n, Brødskøydda, Rekar´n, Raser´n, Legen, Knoll, Ullhond, Reka, Knerten, ´n Farlé, Lampa, Benet, Sjæinna, Kronblom, Finken, Grønne, Far åt bæillom, Gråtende sky, Hetta, ´n Hallo, Sølvreven, Mannen med tilslaget, D.y., Tranin, Presten, Jaget, Folkjåkkån, n ´Punter, Rever´s og Landstad.

Nokre av namna veit eg bakgrunnen for. Benet, Mannen med tilslaget og Far åt bæillom fortel at vi har med fotball å gjera. Ikkje heilt uventa på Kvam. Nils Røssummoen er ein av dei beste fotballspelarane dalen har fostra. Kanskje ikkje så unaturleg at oppnamnet vart Benet?

I 1950-åra fekk vi ein baker til bygda. At Ola Ødegaarden, som kom frå Vinstra, vart kalla Ola Baker, var heilt naturleg, men at kjerringa, ungane, ja til og med broder Bjarne fekk «Baker» til etternamn, var vel heller uvanleg.

Somme fekk namn etter der dei budde. Eit typisk døme: Olaf oppvé grinda. Og som med familien Baker, heitte alle Olaf sine Oppvé grinda. I mange generasjonar.

fblegen«Legen» er eit anna kjent oppnamn frå førr i ti´n i Kvam. Johan Moen, som han heitte, var målar, men det var likheita med dokter Anstensen som ga han oppnamnet. Ei kjent historie om Johan er frå den tida bygdafolk fekk kjøpt berre to pils kvar på hotellet – i helga. Johan svinga seg bort til disken og tinga seks øl. Severingsdama, som ikkje var innfødt, reagerte på omfanget av bestillinga og lurte på om Johan kjøpte med seg til fleire. Svaret kom kjapt: «Ja, det er åt me og Legen og `om Johan Moa.» Han fekk seks øl.

Fyrst på 1970-talet dukka ein ung, entusiastisk nordlending opp i bygda. Jon Selfors hadde kjøpt restane av Kvam hotell. Snart var versthuset Sinclair, ein av dei mest kjente serveringsplassane i heile landet, klar til innrykk. Om det var kvamværane si skuld at håret på vertshushaldaren med åra skifta lét og vart gråare og gråare, vet eg ikkje, men slike endringar blir lagt merke til i Kvam. Og før nordlendingen visste ordet av det, visste alle andre kven Sølvreven var! Sølvreven likte namnet sitt så godt at han gjorde det om til engelsk, og dermed var Silver Fox forlag ein realitet. Slike reaksjonar set kvamværane pris på!

Sjølv om Selfors var sjef, vart han ikkje aleine på vertshuset om å ha oppnamn. «Hetta» har vore fast medhjelpar på vertshuset i mange år. Namnet fekk Helge Klevstadberget etter at han kleiv opp i eit tre på Hovdpiggen, fall ned og vart hengjandre hjelpelaus etter anorakkhetta si.

Redigert utdrag frå artikkelen «Klengjenamn på Kvam» i Fronsbygdin 2015

0 Comments

Submit a Comment