Om Breiveg-slekta

by | 14. mai 2014 | Biografiar | 0 comments

BredeveienbokWENCHE BREDEVEIEN: Interesse for slekt har eg nok arva etter bessmor. Eg har samla slektsopplysninger i mange år, og etter eg vart førtidspensjonist, aksellerte interessa og disponibel tid, og dette arbeidet resulterte i  SLEKTERS GANG, Breiveg-slekta frå Sør-Fron. Og nå er boka ferdig. Slektsboka fortel om slekta mi, og kanskje di?, som i første omgang fekk seg ein husmannsplass å bu og livnære seg på nedpå Breivegen.

Opprinneleg var området ei sameige med berre jorder og beitemark. Ho fortel om korleis tidene var frå midten av 1700-talet og fram til i dag, korleis husmannsbruka der ungeflokkane som vaks opp, ikkje gav grunnlag for å livnære alle, slik at dei måtte fløtte ut for å finne seg arbeid, inntekt og bustad andre stader. Og ettersom gardbrukarane fekk meir reiskap til å utføre arbeidet på, og det ikkje var meir jord å skilje ut til husmannsbruk, vart det ikkje mogleg å livnære seg der dei var. Eg har prøvd å finne ut kva dei fekk som yrke og kor dette var.

Nokre emigrerte til USA, nokre vart jarnvegsarbeidarar og bygde den jarnvegen vi har i dag, seinare vart det anleggsarbeid ved t.d. kraftstasjonar m.m  Og korleis det vart vanleg med lengre utdanning for generasjonane født etter krigen.

I og med at det vaks fram store barneflokkar opprinneleg frå Breivegen, vil nok mange, både i Fronsbygdene, Venabygda og utanom, finne noko her om slekta si.

Du kan kjøpe boka her: [email protected]   eller mobil 48092893 (evt SMS)

 

0 Comments

Submit a Comment