
Mor Åse, Solveig og Peer på trappa på Per Gynt-garden i 1928. (Foto: Pål Kluften)
RAGNAR ØVRELID: Ibsen gav sin Peer to e-ar, fordi han etter regelen brukte ein ekstra e når vokalen var lang. Ibsens Peer er grei nok, han er diktarens eigen skapning, i mangt bygd på Goethes Faust, og på lokale tradisjonar og skrøner frå Gudbrandsdalen. Den lokale Per er meir problematisk.
Kanskje heitte han Per eller Peder Hage. Er denne segnfiguren frå Hågå i Sødorp, kan han vere frå 1700-talet (det meiner Pål Kluften, og det skreiv han på minnesteinen over Per Gynt ved Sødorp kapell), eller han kan vere frå 1600-talet, slik den erfarne historikaren Ivar Kleiven meir truverdig argumenter for.
Kan hende er den «historiske» Per Gynt eit samnamn på segner og tradisjonar etter fleire slike eventyrarar og skrønemakarar, som dalen har hatt mange av gjennom tidene. I alle fall er det fleire bygdelag som også vil ha opphavsretten til Per Gynt. Asbjørnsen plasserte han i Kvam. Og i Sel vil dei gjerne ha han som sin eigedom.
Men tradisjonar og segner kan vere utruleg seigliva, og har gjerne ei kjerne av sanning i seg. Når vi veit at ein «Jonn Gynnthe» i 1557/1558 betalte bygselsavgift til kongen for ein gard i Fron, samtidig som vi veit at Hågå på den tida var kongens gods, høyrest det rimeleg ut at vår Per verkeleg var frå Hågå i Sødorp. Ivar Kleiven meiner det, Einar Hovdhaugen meiner det, folkeminnegranskarane Knut Liestøl og Olav Bø ser ikkje bort frå det. Og Gerhard Schønning skriv i sine reisenotatar frå dalen i 1775: Aust for garden Sødorp «ligger den Gaard Hage, paa hvilken berettes, at en adelig Famiulie ved Navn Günter har fordum levet.» I så fall blir Gynt eit slektsmamn som vart hengande att på garden i lang tid.
Ivar Kleiven har funne fram ein Peder Lauritsen Hage frå skattemantala i 1645 og i 1651, og i boka Fronsbygdin er han inne på tanken om at vi her har vår Peer Gynt. Denne karen har så blitt utstyrt med dei vanlege eigenskapane til «storveiare, fjellmann», skiløparer og «sterke karar». Nye segner og skrøner har sidan gjennom hundreåra festa seg til personen, også om overnaturlege hendingar som er knytte til til Per Gynts liv og opplevingar. Dette er ein vanleg myteskapanda prosess, som vi kjenner godt frå historiene om Skottetoget i 1612.
Ivar Kleiven skriv i Fronsbygdin (s 327):
Ein slik fjellmann, som´n Per Gjynt kann tenkjast å ha vore, fekk eventyrdåmen over se både i himbygden og vi´are. Mange tå bragdom hass er sikkert dikta inn i soga hass, longe ett n´Per ha kvilt onde torven ein mannsalder hell tu – sist er heile soga hass vorte eit eventyr, slikt som Asbjørnsen råka dæ på Høvringa og i Råndom i slutten tå 40-årom. Og gjenne minka itte dæ eventyvorne ve å gå gjennom penn åt tu store diktare, hell.
Den historiske sanninga om Per får vi nok aldri vite. Men historiene om han er like gode for det, ikkje minst når Henrik Ibsen gir dikt og liv til dei på sin geniale måte.
(Frå boka Per Gynt-stemnet 1928-2003, Dølaringen Boklag 2003)
0 Comments