Pål Kluftean m skjegg

«Kanskje vart Pål Kluften såra av motbøren han fekk, frå folk som ikkje tok tankane hans om den historiske Per Gynt alvorleg. Vi kan også tenkje oss at Pål Kluften følte han måtte dra heile lasset åleine.

RAGNAR ØVRELID: Dei første Per Gynt-stemna i 1928 og 1932 var svært personavhengige. Dei kvilte for ein stor del på entusiasme, initiativ, kontaktnett og organiseringsevner hos Pål Kluften. Kanskje gikk han trøtt, kanskje hadde han ikkje tid og råd til å ofre seg for ei slik krevande oppgåver. Kanskje vart han såra av motbøren han fekk, frå folk som ikkje tok tankane hans om den historiske Per Gynt alvorleg. Det kan vi indirekte lese ut av dei arrige svara han leverte mot kritikarane. Etter som vi ikkje høyrer meir om det, kan vi også tenkje oss at Per Gynt-laget ikkje vart meir enn med tanken, og at Pål Kluften følte han måtte dra heile lasset åleine.

Per Gynt-stemna i 1928 og 1932 var svært vellykka. Og det låg tydeleg planar om eit framhald. Tidens Tegn skreiv:

I tanken om ei fast Per Gynt-stemne på Vinstra inngår dannelsen av et Gynt-lag, som skulde ta vare på den berømte Sødorpings minne både i bygden og i fjellet.

I Gudbrandsdal Folkeblad i 1928:

Vi får håpe at Per Gynt-laget fra første stund får så mange medlemmer at det kan se seg i stand til å kjøpe endel av eiendommen (Hågå), som opphavsmennene til stevnet visselig har tenkt seg.

Nordgard Hågå var faktisk til sals i desse vanskelege åra.I 1937 kjøpte Bjørn Talén garden, for 24 500 kr. Talén gifta seg med Cecilie Dobloug. Talén og kona budde for det meste på garden, han deltok i musikklivet på Vinstra, held mellom anna ein stor konsert på Bøndernes Hus i 1943. Talén døde i 1945, berre 55 år gammal. Sonen Mikkel Dobloug overtok eigedomsretten i 1970. Barnebarnet Mikkel Dobloug eig Hågå nå.

Det mangla altså ikkje på store vyer og dristige planar i 1928. Men dei vart ikkje realiserte.

Nå var det også slik at folk flest her i bygdene hadde meir enn nok med å kome seg gjennom kvardagen i 1930-åra. Verst var det tida frå 1933 til 1936, med arbeidsløyse, pengemangel, tvangsauksjonar, kommunal naud og politiske motsetningar. Enkeltpersonar opg frivillige vart ikkje akkurat inspirerte til kulturelt overskot i denne tida.

Det var derimot dei politiske og faglege organisasjonane.

Merkeleg nok greidde fronsbygdene i desse åra å reise fire store forsamlingshus. Arbeidslaga bygde Folkets Hus på Harpefoss (1932) i Kvam og på Vinstra (1936). Bondelaget stod bak Bøndernes Hus på Vinstra (1933). Her kom nye og andre  tilbod til bygdefolket: omreisande turnéar av mange slag, foredrag og det kom fast kino i Folkets Hus på Vinstra i 1937. I Ringebu hadde dei hatt filmframsyningar siden 1917.

Fleire tilbod melde seg. I 1938 kom til og med Nationaltheatret og den store Peer Gynt-forestillinga med Alfred Maurstad til Vinstra og fylte Folkets Hus med eit publikum poå 600. Den nye eigaren på Hågå, Bjørn Talén, imviterte heile ensemblet på rømmegrautfest på den historiske garden.

Idrettsarrangementa auka på, både sommar og vinter. Kåja var ikkje lenger attraktiv som stemneplass for store folkefestar. Og innadørs kom radioen gradvis sigande inn i heimane og skapte nye underhaldningstilbod og nye omgangsformer.

Så kom krigen og gjorde eit Per Gynt-stemne enda meir uaktuelt. Pål Kluften døde i 1942, alt for tidleg. Det var skrive mange vakre ord om han da. Johan Bojer tok initiativ til å få reist ein bautastein over han. Steinen med relieff av Kluften og fela, av Dyra Vaa, vart avduka i 1943, og Bojer heldt ein vakker minnetale over sin gode venn. Likevel, etter avisreferata å dømme, vart ikkje Pål Kluftens idé og initiativ til Per Gynt-stemnet nemnt med eitt ord.

Men spiren som Pål Kluften hadde sådd i 1928. var ikkje berre visna og død. Den skulle berre overvintre i 25 år til, før den skulle blomstre på nytt og verte ein årviss plante i Frons kulturhage.

Frå boka Per Gynt-stemnet 1928-2003.

0 Comments

Submit a Comment