Om trolldom og roning og ei gamal svartebok

by | 17. jul 2016 | Folketru | 0 comments

frontTorger T. Risdal/Ole Chr. Risdal: Ein gong på 1970-talet fann Torger T. Risdal eit utklipp om Svarteboka frå ei gamal avis, og i ein artikkel i Gudbrandsdølen tok han det opp att slik som det der var skrivi.

«Dager da alt lykkes. Våren 1888 fikk professor Moltke Moe sendende frå lærer Risdal i Fron i Gudbrandsdalen bl.a. et hefte i kvart på seks blad. I dette nevnes tre dager i året på hvilke alt det en begynner med skal få «Bestandig og lykkelig fremgang». Den første av dagene er 26. januar og de to andre er 8. og 9. dag etter Marias bebudelse. Etter dette skulle det altså ikke være utsikt til å finne en eneste «lykkelig dag» i de siste ni måneder av året. Initialene på siste blad i heftet synes å tyde på at dette er skrevet omkring 1800 «den gang har tilhørt en Simen Kongsli som ifølge biskop Bang ennå ved århundreskiftet blev husket som i sin tid ansett trollmann».
Dette heftet som her er nemnt var nok berre ei avskrift av ein del av «Svartboka». Men lærar Risdal som var bestefar min, kunne fortelja at han ei tid var eigar av Cyprianus Svartbok, som truleg har vore trykt i Danmark eller Tyskland ein gong langt atti tida. Cyprianus var ein kjent trollmann som skulle ha levd ein gong i mellomalderen, truleg i Tyskland. Det har vore sagt at det berre var åtte originale eksemplar av desse svartbøkene i heile Europa, og den bestefar hadde, skulle vere ein av desse. Og nå skal de høyre korleis han fekk tak i ho:
Han Per Dalshaugholet var ein kjent bygdesmed og bjørneskyttar, og dei trudde han kunne rone og trolle litt, dersom det kneip. Det har vore skrivi om han både i årbok for Gudbrandsdalen og andre stader. Han var fødd i Slåstugu i Tverrbygda i 1840. Mora var Anne Hansdotter, og faren heitte au Per, og var ein av dei tre ronkallane frå Skreddarstugu i Ruste som Ivar Kleiven skriv om i «Fronsbygdin». (Skreddarstugu var eit husmannsbruk under Sandbu som låg der garden Tokvam er i dag. Sandbu vart delt i 1840-åra, og på 1890-talet vart nørdre Sandbu fløtt og oppattbygt der Skreddarstugu låg. Garden fekk da namnet Tokvam).
Per kjøpte Dalshaugholet, eit husmannsbruk under Dalen i Skåbu, og vart buande der. «Per Smed», som han nå mest vart kalla blant bygdefolket, bygde seg ei smie heime hos seg sjølv, men for ofte rundt i bygda au, vølte om gardsreiskap og andre ting. Han var ein meister til å blåse opp att lås som hadde slege seg vrange, og det var det mange som såg på og vart forundra over. Da la han Per munnen inntil nøkkelholet og bles alt han var god for, og da var han så stygg i andletet at dei som såg på hadde mest hug til å ta spranget. Men så flaug låskjeften opp med eit smell, og han Per fekk med ein gong att dei godlidande og blide andletstrekka sine.
Han Per var og god å finna når nokon hadde fått noko vondt innpå auga. Ein liten gut hadde fått eit sandkorn på auga, og faren tok guten med til han Per, som skulle blåse det bort, men da han tok til med blåsinga vart guten så redd at faren laut blåhalde han, men han Per greidde det, og auga vart bra att.
Han Per var ofte i Nordre Risdal og smidde. Han var svært snøgg på å bli sint, men vart fort blid att óg. Han og bestefar vart bestevener. Så ein dag etter at Per var blitt gamal, kom han tuslande inn til bestefar og la ei underleg pakke på bordet. Det var ein godt samanbretta skinnpose med noko inni. Bestefar spurde kva dette var for noko, og nå luta han Per seg godt inntil honnom og kviskra: «Jau, ser du, détté e svartboka étté Skreddarstugukarom, é fekk ho tå far mine før n dø, å nå tru é itte é fe bruk for ho mær, å nå fe du tå ho over étté mé». Og så snudde han Per seg tvert om og gjekk, like stilt som da han kom. Om han hadde mista trua på Svarteboka eller om han var redd for å ha ho lenger, fekk han bestefar aldri greie på.
Da Moltke Moe og biskop Bang, som i denne tida arbeidde med eit verk om gamal overtru, fekk nyss om dette, vart dei svært interesserte i å få sjå boka. Bestefar sende ho, og biskop Bang fekk ho trykt oppatt. Eit eksemplar av den nye utgåva skal vera å finne i boksamlinga etter Olav Åsmundstad på Borg i Kvikne. Men kva slags lagnad sjølve Svarteboka fekk er noko usikkert, ein versjon er at biskopen vart ved ho, og seinare let ho gå til utlandet med fleire andre verdifulle ting. Men det mest trulege er vel at ho er komen til Universitetsbiblioteket i Oslo.
Ja, eg har liggjande eit handskrive blad frå svarteboka, og da kan det høve å ta med noko frå det med det same: «At faae En Tyv tilbage med tyveriet. Tag en kurv og gaae til Kirken end Torsdags Aften før solen går ned og da skal du 3 gange gå baglengs omkring Kirken og det er gjort saa, gak til en Liggrav og tag et ben af en dødnings lem og leg i kurven og saae 3 haandfuld jord og legg i kurven over benet. Gak så item til dit kammer. Lad saae kurven med benet ved sengen til du lægger dig, tag benet af kurven og leg under dit hoved, saae kommer den til dig og begiærer sit ben igjen. Da skal du sige til ham du Maae skaffe mig tilbage det som er staalet fra N.N. Saae skal du faae dit ben igjen. Saae gaar han bort efter tyven og godset og naar han da kommer til dig med tyven og godset, skal du forføie dig i ful fart til kirkegaarden med kurven og benet og legge det paa den sted du tog det, saae ere du fri saae han ike gjøre dig noget.—Er probattum.»
Så til slutt ei sann historie om korleis ein tjuv vart oppdaga: Han gamle Iver Grosberg var halden for å vere ein som kunne noko meir enn sitt Fadervår. Så vart det stole i Grosberg ein gong, og han Iver samla tenestefolket og husmennene omkring seg. Han tok ei tjukk fjøl og teikna eit auga på den. Så tok han eit stempel, sette det mot auga og var klar med ein hamar. Alle som var til stades stod med attletne augo, og med det same slaget fall mot fjøla, skulle tjuven miste synet på eine auga. Jau, slaget fall og det vart heilt stille ei stund. Men så kom det frå ein av husmennene: «Ha, ha! Eg fekk opp att auga eg, au lell.» Såleis kom tjuven fram den gongen.

Denne artikkelen stod i Gudbrandsdølen i februar 1971.

0 Comments

Submit a Comment