Vart historia om Per Gynt brend?
hågå

Var det ein gamal ungkar her som brende styggeleg mykje brev?

IVAR KLEIVEN: Av alle dei fjellmennene og veidarane som Fronsbygdene har hatt gjennom tidene, er det ingen som har vorte så namnspurd som Per Gynt. Mange av dei andre har ôg vore spurde, både innabygds og i grannbygdene og omtala av bygdefolket med vyrdnad og vellæte, fordi dei var framom dei andre med rifla, anten det var bjørn eller rein det galdt å veide. Men Per Gynt har vore mestsom far for dei alle, han, og når dei andre gilde fjellmennene kanskje har fått eit godt ord i strøk her i dalen, kan ein seie at Per Gynt har vorte landskjent, ja utom landgrensene, testmeir.

Nå er det vel så at det ikkje berre er skyttar- og fiskarbragdane hans Per som har gjort han så namnspurd, det er nok mykje anna som har vore med å bore namnet hans på vidda ôg, men her i heimbygda er det nå likevel veidinga og fjell-livet hans det stødt har gått ord om.

Om Gynt-namnet er eit oppnamn bygdafolket har gitt Per som eit klatternamn for eit eller anna særskilt, er ikkje godt å veta. Etter garden han budde på, nedre Hågå på Sødorp, skulle han nå heitt Per Hågå, for der på garden var han nå både født og alin, etter som det all sin dag har vore fortalt. Frå noko langt attende var det fortalt at på Hågå budde det ei adelsslekt som kalla seg Gynte, og er det noko sanning i det, så er ikkje Gynt-namnet nokoi å undrast på. Men ingen veit noko sikkert om denne adelsslekta.

Det er det rare med Per Gynt på Hågå at det ser likast ut til ikkje å vera noko greie å få, korkje på slekta hans eller kva tid han levde og ferdast i fjell i fyru. På Hågå er det ikkje noko å finne som løyser knutane nå lenger, men det er foralt at for noko lang tid sidan var det en gamal ungkar på garden som brende opp styggeleg mykje gamle brev – der kunne det kanskje vore noko av kårt å fått visst, både om Per Gynt og fedrane hans attover.

Nå er det ikkje anna å helde seg til enn bygdaordet, som har gått i mannsaldre etter mannsaldre, og det plega nok helde seg bra om slike bygdaselle som Per Gynt, men ein veit korleis det ofte går til: den eine legg lite attåt, og den andre tek lite frå, til det sist blir umogeleg å finne greitråden til hespelen.

23_14-04-2010005904

Kvar er fiskebua hans Per?

Men anten Per Hågå, Gynten, var av adel eller av vanleg bondeætt – ein ekte fjellmann var han og veidar av fyrste slag, bjønnskyttar, reinsskyttar og elgskyttar, enda det ikkje er gote noko om at han veida elg, men det fell av seg sjølv, det.  Og på fiske låg han på ymse kanter, ved Atnasjøen hadde han fiskebu, og der var det kanskje han dreiv mest med fisking, og ikkje var det langt til reinsvonom heller frå der, og ved Furusjøen var han saktens når det fell seg, kanskje ved Rondvatnet ôg, imellom, han dreiv nå mykje etter rein i Rondane til kvar tid.

per_gynt_i_dovregubbens_hall

Ifølge Henrik Ibsen og Theodor Kittelsen var Per i alle fall i Dovregubbens hall

Ved Stor-Åkre skulle han ôg ha vore, for der er det ein stein som  kallast «Skjyttarn», og derfrå skaut Per tilmåls på ei furu. Stubben av denne furua står kanskje ennå og har vorte kalla «Bleke». Om Per fiska i Vinstervatna har ikkje vore omsagt, men det skulle ikkje vore av vegen, det var nå mykje til gode fiskevatn, Vinstervatna, enda Atnasjøen slog nok ikkje av ho, heller.

 

0 Comments

Submit a Comment