Per Gynt og megga Grisilla

Ivar Kleiven har mykje å fortelle om´n Per

dsc_2076

Vart Grisilla til Den grønnkledde hos Ibsen? Marie Blokhus i Erik Ulfsbys regi på Gålå.

IVAR KLEIVEN: Det var riktig noko til kar, han Per Gynt! Han skulle vera i stor velmakt ôg, har det vore sagt. og ein mektig mann i bygda og kunne leggje eit ord med i laget, som vog tungt. Langfantane var i gamle dagar ei fæl o-åte som var til stor plage for bygdene, og kom dei på avsides stader der dei kjente seg trygge, gjekk dei radt på med vold og makt og stygdest ikkje for å støkkje eit menneskjeliv.

Det var eit fantefølgje som var namspurd her i dalen og elles kjend over heile Noreg i dei tidene Per Gynt var på sitt beste, følgjet hennar Grisilla. Ho var nok ei megge som ikkje mange hadde hug til å leggje seg ut med, for dei kunne stygge konster, langfantane, og når ho Grisilla kom med dei store følgjene sine rekande etter gardane, var folk ille ved.

Men Per Gynt hadde sett sukken i ho Grisilla ôg, korleis han nå kunne ha bore seg åt, ho var så redd Per på Hågå at ho ville ikkje setja føtene på hass grunn. Når ho kom til Sødorp og tok til kreka nere Hågå-eigom, fôr ho over elva og heldt seg i baksida til ho var kome så langt at ho var kome over eiga til Hågå, da fôr ho over til solsida att.

Ja, det stod ord av Per Gynt at han var ein som ikkje var redd noko og ikkje let seg skreme. Det var vel det som gjorde at dei underbuande aldri kunne la han vera i fred heller – kor han fôr, kom han frami dei på ei eller anna gjerd. Såleis var det ein gong han gjekk i seterstien til Fiskdalen gjennom Lyslia, han fekk sjå ein hulder-brurhop frami stien, dei hadde sett seg og kvilte på eit sva i vegen. Per brydde seg ikkje om å møte denne hopen, og så stakk han seg av vegen og sette børsa att i vegkanten. Da brurhopen gjekk att, såg dei børsa hans, og ein av dei sa: «Det står børsa hass Per Gynt, der», men dei røyrde ho ikkje – jau, dei kjende nok vel både Per og børsa hans. Men det svaet i Lyslia har etter den dag vore kalla «Brurbenken» og heiter så ennå.

Innved Atnasjøen gjekk han seg stoms inn på ein kyrkjegard til dei underjordiske, og der var alle gravstøtta av reinshorn. Han hadde med seg ein ung gut ôg, den gongen, og han tykte dette var kjølsleg, men han Per gjekk mellom gravane og las gravskriftene som han skulle gått på kyrkjegarden på Sødorp.

Frå Fronsbygdin 1930

0 Comments

Submit a Comment