Påskenøtt: Pissa dei på bil eller sykkel?

Kronprins Olav og Theodor Pettersen fekk problem i Kongslibakkane

smiupettersen

Theodor utan kronprinsen framfor smia i 1917. Frå venstre: Sonen til fotografen H.H. Lie: Hallvard Lie, Ole og Theodor Pettersen.

JAKOB BRENDEN FORTELLER HISTORIA SLIK TIL ARVID MØLLER: En påskehelg sist på 1950-tallet var kronprins Olav i Sikkilsdalen. Da fikk han melding om å komme til Oslo, trolig i statsråd på Slottet. Kronprinsen gikk på ski de toogenhalv milene fra Sikkilsdalen til Skåbu. Theodor Pettersen var budsendt for å skysse kronprinsen videre ned til Vinstra. Den gangen var det mekaniske bremser på bilene, og Theodor Pettersen kjørte det han var god for, det var om å gjøre å rekke toget. Men bremsene gikk varme i de lange Kongslibakkene like ovenfor Vinstra. – Ska du nå toget, lys oss kjøle ned bremsun, sa Theodor til kronprinsen og stanset bilen.

Så stilte de seg opp på hver side for å late vatnet. Da de var ferdige, var bremsene såpass nedkjølte at de kunne fortsette. Og kronprinsen rakk toget.

Olavmotorsykkel

Kronprins Olav på eigen sykkel utan Theodor Pettersen.

En del år senere, da Olav var blitt konge, hadde Theodor tatt seg en tur nedom jernbanestasjonen på Vinstra da kongefølget, tradisjonen tro, skulle rusle fra toget og bort til Amundsens hotell. Der brukte de å spise frokost før påsketuren fortsatte med bil oppover mot Skåbu. Theodor Pettersen hadde motet seg opp med en dram eller to, han ville så gjerne hilse på majesteten. – Kjøm du i hau da vi pissa på bakhjulan, Herre Konge, spurte Theodor da de møttes. Kongen måtte innrømme at han husket episoden i Kongslibakkene, og han fikk seg en god latter den morgenen på jernbanestasjonen på Vinstra.

Etterpå syntes nok Theodor at han hadde vært noe til kar som våget å snakke til majesteten. Folk som var møtt fram for å se de kongelige, kunne høre Theodor gå og snakke med seg selv etter «kongemøtet». Han var så glad og høytidsstemt etter å ha hilst på kongen at han snakket stivt riksmål: «Du er for meget til mann, du Theodor Pettersen», hørte de ham si.

Fra boka Jakob på Ruten av Arvid Møller.

Dette er ei historie som kjem i fleire versjonar. Køyrde dei bil eller motorsykkel? Var det sist på 1950-åra eller var det på 1930-talet? Var dei på veg opp eller ned? Vart bremsane eller motoren for varm? Ragnar Øvrelid fortel denne hendinga slik i Historia om Fron:

Det var  i 1930-åra Theodor Pettersen på Vinstra køyrde kronprins Olav til prinsehytta i Sikkilsdalen på motorsykkel. I Liadalen ovafor Lo vart vegen for bratt, motoren gjekk varm, og Theodor måtte gå av og pisse på sylinderen. Mange år etter krigen møttest dei to att på Vinstra. Kong Olav kjende Theodor straks og tok seg ein prat, der han mintest oppatt historia.

Det vi veit, er at Theodor og storebror hans, Ole, bygde smie på Vinstra mellom 1915 og 1917. Ho vart sett opp nedst på eigendomen Birkelund, heimen deira, akkurat der smia står i dag, fortel Nora Stormyrbakken. Ole var fødd i 1889, Theodor nokre å seinare, så hende dette på slutten av 1950-åra, var i så fall Theodor nærmare 70 år. Og kong Haakon døydde i 1957, så frå da var Olav konge og ikkje kronprins. Men at Theodor mota seg opp med ein dram eller to, er truleg rett, for Nora Stormyrbakken skriv:

Samarbeidet mellom brørne skar seg nokså fort. Hovudgrunnen var nok at Theodor var «for tyrst». Mangt vart ugreitt fordi han drakk for mykje. Ole sto i fråhaldslaget. Dei skilde lag, og Theodor kjøpte tomt rett nord for Vinstra Hotell. Der bygde han opp bilverkstad med husvere i andre etasje. Sjølv om Ole mislikte drikkinga, vart det ikkje noko brot mellom dei. Det var heller bra for brorskapen at dei ikkje delte arbeidsplass.

At Theodor kunne bil og motor, er det vel ingen tvil om:

Theodor var ein dyktig mekanikar. På ein måte delte dei marknaden mellom seg. Bestefar var grovsmeden. Hit kom gardbrukarane med alt som var øydelagt. Dessutan var han låse- og børsesmed. Theodor tok motorreparasjonane. Det var ingen konkurranse, dei viste til kvarandre og sende kundar mellom seg.

Ettersom Ragnar Øvrelid var historikar med kritisk blikk på kjeldene, får vi tru at hans versjon er den rette? Nokon som veit?

3 Comments

  1. Ole Christian Risdal

    Det var nok motorsykkel, som også Øvrelid skriv. Men eg meiner at dei var på tur til Vinstra, og i Liabakkane vart bremsene så varme at dei måtte pisse på dei. Det fortel også Hans Petter Kleiven til Arvid Møller i boka om Sikkilsdalen frå 1989.

Submit a Comment