Ei lita historie om ein askeladd i Fron: Ragnvald Krogenæs
OLE CHR. RISDAL: 3. juli 1964 vil alltid stå som ein merkedag i Skåbu. Da opna møbelfabrikken til Ragnvald Krogenæs. Den store draumen hans var ein realitet, og han opplevde berre oppgangstider fram til han døydde i 1969. I 1964 vart han presentert på NRK i ein serie om Askeladdar i norsk næringsliv. – Reklamemannen Ragnvald Krogenæs slo seg ned i Skåbu rett etter krigen. Det var der han hadde tenkt å realisere sine idéer. Krogenæs så en framtid i å produsere furumøbler for moderne hjem, basert på gammel norsk bondetradisjon. Da han var klar til å bygge en fabrikk, møtte han motbør. Nord-Fron kommune hadde ikke tro på idéene hans og vendte tommelen ned for lånegaranti. Men den aktive ordfører Egil Hernæs på Sør-Fron satt med råderett over restene etter Hundorp Bruk og tok kontakt med Krogenæs. Krogenæs kjøpte hallen med maskiner og inventar samt en skogsbrakke for 132.000 kroner. (Fra boka Bank i bygd og by)

Ragnvald Krogenæs flyttet til Skåbu etter krigen. Han startet møbelproduksjon i Hundorp Bruks gamle lokaler på Sør-Fron. At Krogenæs havnet på Sør-Fron, er en historie for seg.
Denne artikkelen stod i Dølen 03.07.14: I fjor sommar var det 50 år sidan Ragnvald Krogenæs fekk realisert draumen sin om å byggje møbelfabrikk i Skåbu. Dette skulle bli starten på eit industrieventyr i fjellbygda. I glanstida gav fabrikken jobb til rundt 30 skåbyggingar, og skulle såleis bli sjølve livsnerva i bygda. Men no er dessverre eventyret over. 50 år etter at fabrikken stod ferdig er det definitivt kroken på døra.
Som kjent kom ekteparet Else og Ragnvald Krogenæs til Skåbu i 1943. Dei fann fort ut at dei hadde funne eldoradoet sitt, og fekk bygd seg ein heim i bygda. Ragnvald bar på ein draum om å skape noko i Skåbu, og i 1950 søkte han Nord-Fron kommune om lånegaranti for bygging av fabrikk, men politikarane var tvilande og kom med negativt svar. Like etter fall det seg slik at ein ferdighusfabrikk på Hundorp gjekk konkurs, og lokala vart dermed ståande tomme. Sør-Fron kommune hadde sett kva Krogenæs stod for, og tok imot han med «opne armar».
Endeleg grønt lys i Nord-Fron
Men Ragnvald gav likevel ikkje opp håpet om å byggje ein større fabrikk i Skåbu. Da han på nytt søkte om byggjeløyve i 1963, kunne ikkje kommunen avslå søknaden. Hausten same år kunne reisinga av Noregs høgstliggjande møbelfabrikk ta til, og allereie i april 1964 stod bygget ferdig. Da Krogenæs såg seg ut fabrikktomt, la han vekt på at det skulle vere sentralt med vakker utsikt. Han beit seg fort merke i eigedomen Funstad som tilhøyrte Hans Hysjulien. Krogenæs tok kontakt med han og la fram planane sine. Hysjulien stilte seg positiv til å selje tomt til eit slikt verdifullt formål. Det var 12-15 skåbyggingar med byggjeleiar Ivar Risdal i føringa som sette opp fabrikken. Desse snekkarane kom også med i møbelproduksjonen året etter. Entreprenøren Erling Rolstad stilte maskinane sine til disposisjon, og Halvor Veslum utførte gravinga. Det var fleire lokale firmaer som vart involvert, til dømes var det Vinstra Elektro som sørgde for installeringa.
Les om naturelskaren Ragnvald Krogenæs
Opning med stil
Datoen 3. juli 1964 vil for fjellbygda Skåbu alltid stå som ein merkedag, nemleg opninga av fabrikken. Den store draumen til Krogenæs var ein realitet. Festdagen vart synleg markert med frammøte av nær sagt alle innbyggjarane i Skåbu, samt ei rekkje sentrale personar som den nemnte Erik Brofoss, fylkesmannen og sjølvsagt ordførarane i dei to Fronskommunane. Underhaldninga var det spelemannslaget i bygda og trekkspelaren Oddvar Nygård frå Sør-Fron som stod for. Den legendariske Ole T. Kampesæter sørgde for festmiddag med fersk ørret frå Skåbu. Like etter opninga kom sjølvaste statsminister Einar Gerhardsen på besøk for å sjå på fabrikken. Gjestinga gjorde djupt inntrykk på arbeidarane, og det synte kva slags bragd som var gjort i fjellbygda. Eit storverk som også dei tilsette hadde vore med på. Gerhardsen sikra seg også Krogenæsmøblar til hytta si på Gålå.
Artige historier
Storskyttaren Anton Veslum kom også innom for å sjå på lokala, og tenkte nok på sitt da han kom inn: – Nei, faen, detta kunn vorté ‘n fin skyttarbané, var den fyrste kommentaren hans.
Ei av maskinane kunne med sine slangar og røyr minne om eit heimebrentapparat. Ein dag sat nokre av arbeidarane ved denne maskina og tok seg ei pause. Med eitt kom Krogenæs sjølv inn i lokalet, gjorde seg stram i anletet og lurte på kvifor arbeidet ikkje var i gang. Det gjekk ei lang stund før det var ein som sa: – Du skjønne oss sitt å vente på fysste dråpån oss, da’ma.
Harde tider og kroken på døra
Ragnvald Krogenæs døydde i 1969 og opplevde aldri nedgangstider. Særleg 1960-talet var reine gullalderen, og same året som han gjekk bort hadde i alt 85 personar arbeidet sitt ved fabrikkane til Krogenæs. Men på 1970-talet starta vanskane. Fabrikken opplevde eit kapasitetsproblem og fekk vanskar med å levere produkta tidsnok. På slutten av 1980-talet fekk bedrifta erfare ein stagnasjon og omsetningsnedgang i Noreg så vel som utanlands. I hovudsak segla norsk industri i motvind i desse åra, og konsekvensen av dette var blant anna at leiinga skar drastisk ned på forhandlarnettet. Ein kan følgjeleg undre seg over om fabrikken hadde fått slike store problemer om Ragnvald hadde fått halde fram. Det får ein sjølvsagt aldri svar på, men det er grunn til å tru at utfordringane i marknaden hadde blitt møtt med fleire offensive tiltak. Uansett er vel den den største årsaken til problema i dag at furumøblar rett og slett ikkje er i vinden lenger. I dag skal alt vere så enkelt og billig, og flatpakker frå IKEA blir ofte løysinga. Det er bruk og kast, og folk skiftar ut møblane sine med jamne mellomrom. Nye generasjonar ser nok heller ikkje verdien i gamle bondemøblar. Fabrikken gjekk konkurs både i 1992, 2002, 2007, og nå i 2014 er det nok definitivt slutt på all møbelproduksjon.
Næringstun
I 2007 kjøpte Torstein Risdal og Pål Hallvard Virik fabrikken og sette i gang att verksemda. Dei trekte seg ut att for nokre år sidan og selde sjølve produksjonslokala til eit aksjeselskap. Her var det Christian P.T. Walter, Johan C.M. Walter og Ingebrigt Breistøl som kjøpte kvar sin fjerdedel av aksjane. Den siste delen vart kjøpt av Per Lien, Thor Bjørkheim, Kjell Sletten og Trygve Groven Vaal. I tillegg var det fleire skåbyggingar som kjøpte driftsmidla etter den førre konkursen. Risdal og Virik har fortsatt kvar sin del av bygget og driv næringsverksemd i lokala. Risdal driv firmaet Risdal Maskin og Grus, mens Virik driv Skåbu Tradisjonsbygg. Eit av måla deira i 2007 var å få på plass eit næringstun, og etter kvart fekk både Skåbu Fjellgrend, Skåbu Møbeltrekking og Coop Marked Skåbu plass i bygget. Nå blir det altså plass til enda fleire, og det er å håpe at meir verksemd kan bli sett i gang i den 50 år gamle fabrikken. For i det siste har det lagt seg ein mørk skugge over fjellbygda. Like før det vart slutt på produksjonen ved fabrikken, var også Fron Almenning Sag og Høvleri historie. Det er derfor ingen tvil om at bygda står framfor store utfordringar når det gjeld å halde på folk og få fleire til å busetje seg.
Men uansett korleis det går så vil Krogenæs-fabrikken for alltid stå som eit minnesmerke over mannen som skapte eit industrieventyr både i Skåbu og i heile Midt-Gudbrandsdalen.
Lagt ut her første gong 4.1. 2015

0 Comments