Ros til historielaget og bloggen

by | 4. jan 2014 | Informasjon | 0 comments

dølenlogoBjørn Sletten skriv i Dølen 3. januar:

Også i 2013 har vi fått høre at Midtdalen hamnar nederst på alle statistikkar. Men hadde statistikkane målt engasjement i og for lokalsamfunnet blant innbyggjarane, trur eg resultata hadde vorte ganske annleis.

Han finn «engasjerte midtdøler som brenn for staden dei bur, og for folka dei bur saman med.» Blant mykje anna nemner han Fron historielag. Laget har

i fleire år gjort ein særs viktig innsats for å bevare historie og skrive nye kapittel i vår felles historie – både den fjerne og den nære. Redaktørane Stauri og Ottesen har vore avgjerande i dette arbeidet, og i løpet av året har også NRK-profilen Carl Henrik Grøndahl gjort sitt til at mye av dette materialet er tilgjengeleggjort for eit større publikum via ein av dei beste historiebloggane eg har sett.

Bjørn Sletten ser òg det postitive i at Jon Forr og sønene Stian og Tormod opna att Sør-Frons store stoltheit Dale-Gudbrands gard.

I mange år har garden vore snakka ned av alle. I løpet av eit halvt år gjenreiste Forr-karane garden og gjorde den til ein stad å rekne med.

Skurdalsåas vener får ros, dei òg:

Utan eldsjeler hadde gnisten aldri vorte tent, og elva aldri kome fram att i dagen.

Alt dette og meire til har Bjørn Sletten skrive om i si tid som journalist i Dølen i 2013.

Felles for dei er at dei har trua på at det vi har her i Midtdalen ikkje står noko attende for det dei har andre stader.

0 Comments

Submit a Comment