KAARE HAGEN: Det var ei oppi Kvikne som dei kalla for Gammel-Hågålia. Ho var vel ein slags kvakksalvar. Dei brukte ikkje dokter så mykje i gamledagar. Gammal-Hågålia laga til ei salve, og oppskrifta fekk ho mor. Salva stelte ho til åt mange, til og med åt folk som dokteren hadde gitt opp. Salva fekk sår til å gro. Det var eigentleg ei brannsalve. Oppskrifta var slik:
1 eggeplomme
1 spiseskje søt og tjukk fløte
2 teskjeer støtt raffinade (støtes fint)
2 teskjeer brent alun (støtes fint)
Røres sammen, og det er heile greia!
Frå artikkelen» Folkeminne frå Fron» i Fronsbygdin 2005
0 Comments