
«Bydefolket i V. Gausdal reiste ein bautastein av granitt på Vis-Knut grav ved Svatsum kyrkje. I steinen er bilete av Knut innhogge i bronse. Og steinen står slik til at alle som fer almannavegen, kan få ein glimt av han og minnast denne vår merkelege og gjæve mann, som det snaut har vore make til i Norges land.»
OLE. M. STUBBERUD: Vis-Knut, eller Knut Rasmusson Nordgaren voks opp i små kår mellom 9 sysken. Ingen som kjende han frå bånsbein av, kunne tru han skulle verta den merkelege og namngjetne mannen han vart. Han var nemleg fælt vindøygd, og frå han var eit halvt år fekk han fang (epilepsi) som vart mykje til plage for han gjennom heile livet. Knut var ein stor, grovgjord kar. Det at han var so fælt vindøygd, skjemde han mykje ut. Han hadde langt ramsvart hår, som fløymde nedover akslene. Men då han vart gamal, låg håret i sylvkvite lokker. Knut var soleis ikkje noko ven å sjå til, og det er fortalt at eingong han kom inn på Ner-Forset, gjekk ei jente over golvet, og ho tenke med seg sjøl: «Den stygge mannen kan da aldri bli gift.» Då sa Knut stilt og lognt til jenta: «Eg ha nok aldri tenkt å gifte meg heller, eg.» So gjekk det au. Knut levde sine dagar ugift.
Han var fødd i Svatsum i V. Gausdal 14. desember 1792. Foreldra hans var Rasmus Nordgaren og Mari Elme frå Fron. Dei var ikkje gifte.. Då Knut tok til på skule, ville han ikkje lesa, og det skulle vera snaut han kunne stave seg gjennom bok då han vart konfirmera. Men han hadde eit godt minne, så han lærde bøkene sine utanåt, av di han høyrde dei andre las høgt.
Då Knut vart konfirmera, døydde far hans, og mora, som enno hadde tre ukonfirmera born og sat trongt i det, laut gi frå seg garden til eldste son sin. Knut laut no freiste ut og tene. Fanget hadde gjeve seg, og Knut vart godt likt av husbonden sin. Men so kom fanget att då Knut hadde vore burte eit år. Han laut no flytja heimatt åt mor si og vart no gåande der helselaus og kunne lite gjera år etter år. Han tok til å lese mykje i Møllers Huspostill og det vektes eit gudeleg liv i han.
For sjukdomen sin freista Knut mange råder. Kvaksalverråder og kanskje hekseråder. Men so vart samvetet hans slik at han ingen fred kjende. Han tykte seg beint fortapt, og det var noko som lokka og drog han til å gjera ende på seg. Han var tilslut reint sjuk og sengjeliggjande av dette.
Men so ljosna det opp for han. Han fekk høyre himmelske tonar frå «violiner og klarinetter», og han høyrde kor som av «himmelske røyster» som song kjende salmevers for han, men det var au ofte ukjende. Ei himmelsk røyst tala til han og sa at han skulle kaste vekk dei medikamenter han fòr med for sjukdomen sin, hans skulle late seg «rense i Jesu kjød og blod», so skulle han lesa «Fader vår», teikne seg med det heilage kors, syngje «Vår Gud han er så fast ein borg». «Når eg so gjorde, då fekk eg fred», sa Knut.
Når Knut fortalde kva han soleis høyrde og kva som vart påbode han, då trudde folk han heldt på å vart galen, og sjøl var han nok heller ikkje viss om at dette var rett ferd. Men då tala ei røyst til han og sa: «Du skal ikkje vera redd», og då fekk eg mot, sa Knut.
Knut er no omlag 26 år gamal då han gjennomgår denne vekkjingsrid, denne skiringseld som skapte han om til den vismann han vart. Frå no av kunne han fortelja om landfarsott eller krig langt borte i framande land og lenge før det spurdest i heimlandet hans. Når folk eller fe vart borte, kunne han seia kor dei var å finne att. Han kunne seie folk kor dei kunne finne vatn utan at han eingong var på staden. Sjuke kunne han gi hjelp. Han strauk den eine handa over den sjuke. Når so handa råka den flekken der det vonde var, vart ho sitjande fast, og han laut løyse henne att med den andre. Og so bad han, og han bad den sjuke beda med: «For vil ikkje Gud hjelpa, so kan eg ingen ting gjera», sa han.
Knut laut frå denne tid lystre påbod som vart gjeve honom frå ei høgre makt. Det var soleis mykje han vart tvinga til å gjera og ikkje gjera. Mellom anna kunne han ikkje gå andre vegar enn ei røyst sa til han. Gjorde han det likevel, snudde den høgre foten seg til iei anna leid eller grodde likesom fast åt jorda. Han kunne ikkje taka i pengar eller noko som var av sylv.
Han kunne sitja og kjende det på seg at no kom det folk som ville spyrja han til råds.
Frå denne tid vart det au sagt til han at han ikkje skulle ha luve på seg. Difor hadde han aldri luve på seg meir. Ho kunne heller ikkje sitja på han, men flaug av.
Knut kunne radt bli beden om å gå lange vegar i ulende, ja nattetider med, bort i gard eller plass. Og støtt kom han i rett tid til å avverje sjølvmord eller brotsverk.
Frå denne tid vart det au sagt til han at han skulle gå omkring på gardane til grannane sine og be dei venda seg frå synda si. Knut kom soleis til å halde oppbyggjingsmøte snart her i heimbygda, snart i Øyer, bortover på Fron og andre stader. Folk flokka seg kring han. Dei ville høyre og sjå denne underlege mannen. Og han tala til folket på sitt eige bygdemål liketil og endefram som det kom han på tunga. Somme tider kunne det han skulle seia, strøyme på han so det var fælt. Andre tider fekk han ikkje fram eit ord. Men då var det jamnt nokon i forsamlinga som ikkje burde vera der eller som gjorde for mykje narr av han Knut eller fôr rått fram, slik som med banning.
På same tid som Knut levde, tok haugianer-rørsla til. Ein skulle difor tru at Knut, som beintfram vsr vegbrøytar for lekfolk, måtte bli godven med Hauge. Med det gjekk ikke plent so. Hauge dreiv nemleg brennevinsbrenning. So vart det frå ei indre røyst sagt ved Knut at han skulle skrive åt Hauge og be han slutte med dette å brenne brennevin og selja det utover landet, for det var synd. Dette tok nok ikkje Haug rett vel opp. «Han skyna ikkje betre, Hauge», sa Knut. «Hadde vi kome til å talast ved, skulle det gått ansles.»¨
Knut hadde nok elles ikkje same syn på religionen som dei religiøse i denne tid, og han vart difor jamt mistrudd for å vera falsk. Når dei religiøse satt saman, snakka dei jamt om at den og den var syndig, men sjølve var dei Guds born. Dette tykte Knut ikkje var rett. Vi skal ikkje døme nokon, det høyrer ein annan til. Men vi skal tala vel med folk og rettleida dei på betre veg.
Når dei likevel lærde Knut å kjenne personleg, fekk dei ei anna tru om han. Det er fortalt om ein lekpreikar som hadde mistru til Knut, men so vart han rådd til å gå åt han. Denne mannen vart seinare spurd kva han trudde om Knut, og korleis han lika han. «Eg skalv då eg gjekk inn til han, men er ikkje Knut ein sann kristen, so finst han ikkje,» sa mannen.

Frå Ellandhusom. Bilde frå http://www.ingerannesverden.com
Knut var i flere år på Fron hos godvenen sin, Imort Nerlid. Men han kom attende til heimbygda til slut og livde dei siste åra saman med bror sin i Ellandhusom. Dette var ei lita stugu som ligg høgt og fritt til nedunder Nesetrona, eit av grunnfjella i sjølve mor Noregs hjarte. Her opnar likesom fjellheimen seg innover til Jotunriket. her hadde han ørna og han hujo til grannar. Elles var det fattigslegt med jordbruk og bufe so høgt til fjells. Men her var rikdom nok i berga rundt iring, sa Knut. Det går segn om at han eingong sa at Noreg vart ikkje rikt før Nesetrona hadde kalva. Det skulle vera so mykje sylv der.
Her i Ellandhusom levde han i fred og ro. «Kor vide eg fer, heimstaden er best,» sa han.
Men riktig i fred fekk han nok ikkje vera her heller, for ordet om han flaug vide om land. Endå so låkt som det var med samferdsel mellom folk, snaut farande vegar, ikkje telefon, ikkje blad og postombering, so kom det folk frå alle kantar av landet, ja frå Sverige og Danmark kom dei for å få råd og rettleiding av Knut. Og klage på at dei fòr til fånyttes, høyrde ein aldri, endå det nok kunne hende at Knut ogso tok i mist.
Noko betaling for hjelpa tok Knut aldri, endå det nok kunne leite han hardt å finne rette råda åt folk. Han kunne bli liggjande i den verste fangrid, skolv gjorde han so sveitten rann, og han kunne bli full av skum i munnen. Men når undersøkinga var over, var Knut den same, blid og lentug og kunne gjerne koma med ein spøk på ekte dølavis.
Det var for sume ikkje berre moro å søkja Knut, for han sa dei sanninga beint ut. Ein gong søkte ein mann Knut for ei lommeklokke han hadde tapt bort. «Den klokka er i låvegolvet, der du låg med tenestjenta di», ss Knut.
Pengar kunne han ikkje ta imot. Men la folk att pengar eller noko anna av verd for velgjerda, kom det sjølsagt vel med. Han var ikkje etla til å verta rik. Frå heimen sin fekk han i arv 100 dalar. Men so kom pengefallet i 1813, og då fall ein dalar ned i berre nokre få skillings verde. Han fekk au eit jordstykke, som han trutt og truge arbeidde opp. Men so vart det sunge for han frå ei himmelsk røyst at han skulle gi frå seg dette åt bror sin, og det gjorde han so med lett hjarta.
Knut var arbeidssam og smånøgd. Om somrane dreiv han mesta med jordarbeid og brunngraving for folk. Om vinteren var det meste trusking med slire (tust). Han levde soleis og greidde seg sjøl, og det var nok for han.
I Ellendhusom slokna Knut roleg og fredsælt av 16. mai 1876, 84 år gamal. Han fekk eit uvanleg stort gravfylgje, og kista hans var gøymd med kransar. Presten Fleischer heldt ei varm tale.
Ein kan tru kva ein vil om Knut. Men ein ting er visst, og det er at Knut var eit igjenom godt menneskje som ville alle folk vel, og eit menneske som ei høgre makt tala til og styrde, slik som ho ville.
Bygdefolket i V. Gausdal reiste for vel 20 år sidan ein bautastein av granitt på Vis-Knut grav ved Svatsum kyrkje. I steinen er bilete av Knut innhogge i bronse. Og steinen står slik til at alle som fer almannavegen, kan få ein glimt av han og minnast denne vår merkelege og gjæve mann, som det snaut har vore make til i Norges land.
Årbok for Dølaringen 1931
0 Comments