Hundorp 2021 opna på Dale-Gudbrands gard
Godstog som rumlar forbi. Rulleski på gamle E6. Det fekk han ikkje med seg, Heilag Olav, da han sette spor etter seg på Hundorp for 1000 år sidan. Men den historiske dåmen låg tungt over Dale-Gudbrands gard, da jubileumsfesten Hundorp 2021 vart sjøsett i dag. Og ikkje berre det. Opninga var ôg starten på Norge i 1000 år, ei markering og ein stafett som får sitt høgdepunkt på Stiklestad i 2030. Uvanleg at ein stafett byrjar med sjarmøretappen, som han sa, prosjektleiar Bjørn Sletten.

Mange gode talar før ordførar Ole Muriteigen minte om at i ei lang, dramatiske 1000-århistorie inngår ôg tiårsminnet for 22. juli og opna jubileet. Til feiringa for 100 år sidan skreiv professor Frederik Paasche ein tale med luft under vengene, velformulert, der han kalla Heilag Olav «det merkeligste menneske som har besøkt Gudbrandsdalen.» Rasmus Stauri framførte talen. Og vart etterfulgt av noko meir moderne, spoken word artist Jeaninne Masika Harrysson som saman med spelemann Rasmus Kjorstad kom med sitt bestillingsverk for Hundorp 2021 – med draumar om korleis Norge kan vere om 1000 år.

Biskop Solveig Fiske minte om at kyrkja alltid også må vere i forandring.
Norsk Lur- og Bukkhornlag sette det heile i gong, og messingblåsarar frå Fron kulturskule avslutta med ei eigenkomponert fanfare.
Ein framifrå start på ei viktig markering.



0 Comments