Skåbuvegen – ei utfordring til alle tider!

by | 24. jun 2013 | Kommunikasjon | 0 comments

Høgåsen

Den dramatiske Skåbuvegen har gjennom tidene bydd på store utfordringar. I samband med kommunevalkampen i 1928 hadde Martinius Høgåsen dette hovudoppslaget i Nord-Fron-nummeret av Organ for Det norske Arbeiderpartis avdeling i Lillehammer og Gudbrandsdalen. Høgåsen jobba også som lærar i Skåbu på denne tida og kjende såleis godt til vegen. Avisoppslaget viser også kor lenge dette vegspørsmålet har drege ut i tid. Takk til Steinar Moen på Sjoa som hadde kome over denne gamle avisa! Dobbeltklikk på kopien for å forstørre teksta.skåbuvegenskåbuvegen2Vegen har ikkje alltid gått der den går i dag. I 1907 vart den endeleg slege gjennom Høgberget slik at ein slapp å ta den lange vegen over Åsen. På 1940-talet kom vegen nedanfor Kongsli-gardane i stand. Før dette gjekk vegen opp frå Vinstra Bruk og opp Liadalane (naturreservat) eller Liadalæin, som vi seier. Elles ser ein restar etter gamlevegen både utanfor og ovanfor dagens veg. Men på fleire plassar går vegen der den alltid har vore. Gå inn på lyd og bilde og høyr Torger T. Risdal fortel om fyste gongen han fekk vere med til Vinstra.

0 Comments

Submit a Comment