Var like mykje verd som eit gardsbruk

Oppslag i GD 11.2. 2015
Solveig og Pål Egil Rønn frå Sør-Fron har kjøpt aksjane i Gålå Eiendom as, melde Dølen i februar 2015. Salet frå Høegh Eiendom vart gjennomførd 30. januar. Høegh Eiendom hadde eigd Gålåvatnet sidan 1970-talet. Ifølge Dølen hadde ikkje Gålåvatnet vore på lokale hender på meir enn 100 år. Eit rikt fiskevatn det har vore strid om gjennom hundreåra. I Fronsbygdin 2014 skreiv Anders Haugen ein artikkel om elva Golo, der han også fortel litt av historia om vatnet. Det var i si tid like mykje verd som eit gardsbruk.
ANDERS HAUGEN: I 1816 var det ein rettssak som vara i meir enn to år, bakgrunnen var ein påstand om tjuvfiske. Påstanden var at Johannes Hov hadde sendt tenestekaren sin, Amund Fossen, til Gålåvatnet for å fiske for seg i osen. Der møtte han Rasmus Rolstad, som påstod at Amund hadde teke fisk frå sleo hans. (Sleo eller sløe er ei slags ruse med glidebrett til fiskefangt i elv.) Det vart eit skikkeleg slagsmål, og påstanden var at Amund slo Rasmus med eit vedtre. Dette kom til retten og vart starten på ei sak som også omfatta eigedomsretten til Gålåvatnet.

Skiløper raster ved koie ved Gålåvatnet. Foto Digitalt museum Maihaugen
Gålåvatnet har ypparlege gytebekker og betre næringstilgang enn Feforvatnet. Det har difor vore meir usemje om fisket her. Prestane i Fron fekk tidleg rett til fiske i Gålåvatnet. Presten Tord Larsson (1600-1651) fekk til ei avtale med allmugen i 1630, der Fronspresten og fauten i dalen skulle ha retten til fiske mot ei årleg avgift på ein og ein halv riksdalar. Otto C. Munthe (1659-1733) hadde 51 års presteteneste i Fron og eigde vatnet. Etterfølgjaren hans, Trugels J. Stranger var det siste av prestane som åtte vatnet. Enka etter han, Abelone Plade, fekk hjelp til å selgje vatnet i 1735. Kjøparane var tre gardbrukarar frå Sør-Fron: Ole Amundson Dalseg, Ole Tostenson Steig og Østen Johanson Kostad. Prisen var 300 «Rigsdaler Courant». Høg pris, for dette var faktisk verdien av ein middels stor gard. Seinare var det fleire eigarskifte, og i 1816 ser det ut til at Rasmus Rolstad, Hans Grytting og Svein Kjorstad er registrerte som eigarar.
I 1816 hevda Johannes P. Hov (1774-1828) at han og rustværane hadde rett til fiske i vatnet som ligg i Rustes sameige, det vil seie nord for Sandsnebben. Han hevda at dei hadde fiska der i årtier. Han hadde vitne frå Ruste på dette. Saka var om dei verkeleg hadde rett, eller om det var bruk som hadde vore tålt av eigarane.
Amund Fossen, han som brukte vedtre, vart dømt for å ha teke to fiskar frå sleo i Golo og for å ha slått og klora Rasmus Rolstad. For dette måtte han betale 18 spesidalar pluss to for unødig trette. (Ein spesidalar tilsvarar ca 200 kr i dagens verdi.) Oppdragsgjevaren hans, Johannes Hov, gjekk fri, men han og rustværane vart frådømd retten til å fiske både i Gålåvatnet og i osen.

Mange eigarar gjennom århundra. Foto Elstad/Maihaugen
På same tid kjøpte Johannes P. Bø (1774-1859) ein fjerdedel av Gålåvatnet. Denne delen tilhøyrde Bø til Gålåvatnet vart selt til Golå sanatorium i 1898.
Redigert utdrag frå artikkelen «Golo- ein elv i Ruste» i Fronsbygdin 2014.
Og korleis blir det nå med fiske?
Dølen skreiv 27.4. 2015: Gålåvatnet har i alle år vore ope for folk til å fiske med stong. Berre hotellet har fått fiske med garn, og har slik forsynt gjestane sine med fersk Gålårøye.
Nå kan det gå mot ei opning for at også bygdafolk og hyttefolk kan få fiske med garn på Gålåvatnet nå. Det har ikkje vore lovleg på 120 år. Nå håper nyeigarane å kunne bidra til utviklinga på Gålå.
– Gålå er etter vårt syn ein diamant som ikkje er ferdigslipt. Vi kjenner dei fleste som driv aktivitet på Gålå godt og ser fram til bidra i eit godt samarbeid, avsluttar Pål Egil Rønn.
Nøgd ordførar
I 2007 rasla Sør-Fron kommune og daverande ordførar Aksel Eng med sablane overfor Høegh Eiendom, og vurderte mellom anna ekspropriasjon for å få vatnet attende i lokal eige. Saken vart lagt død den gongen, men også ordførar i Sør-Fron, Ole Tvete Muriteigen, er glad for løysinga som nå er på plass.
– Eg er svært glad for at Gålå Eiendom AS, med tilhøyrande eigedommar på Gålå, blir overtatt av personar med sterk lokal tilhøyrighet, langsiktigheit bak investeringa, og ikkje minst med hjarta for Gålå, seier Muriteigen til Dølen.
Han peiker på at Høegh har betydd svært mykje for utviklinga på Gålå, og at dei også har hatt eit varmt hjarta for området.
– Det at dei har brukt så mange år på å avvikle engasjementet sitt, meiner eg tydeleg viser det. Som eksempel nemner eg gjerne den positive haldninga frå Gålå Eiendom AS til skimiljøet i Fronskommunane gjennom tomt og grunn til Skistugu på Gålå, lysløypa og løypenettet som er brukt under arrangement, seier Muriteigen. – Eg trur dette blir ei svært viktig brikke i den vidare utviklinga på Gålå, avsluttar han.
0 Comments