Tordentalaren Tranmæl gjorde sterkt inntrykk på ein ung mann
DAGNINGEN 28.9.1963: Johan Monshaugen var skogsarbeidar, og tente ikkje meir enn til mat, som han sjølv seier. På begynnelsen av 1930-talet tok han over som postbud etter far sin. Det kunne ofte bli kveldssent for posten var utlevert. Posttoget kom halv fire på ettermiddagen, og etter det var det sortering før ein kunne leggje ut på ruta, om sommaren til fots, om vinteren på ski.
Postbud var Johan fram til krigen. Da overtok han farsgarden Veddalen. Eit par år i forvegen vart han gift med Karen, og med åra fekk dei barna Tore og Liv.
-Det er bra med skog, men det er eit tungvint bruk. Vi dreiv stort sett med ku, men i dag er alle dyra vekk. Sonen, som overtok bruket, valde å ta seg anna arbeid, og det forstår eg godt, ler Johan.
Harpefoss Arbeiderlag vart stifta hausten 1923 av arbeiderrøslas Martin Tranmæl. Eit folkemøte vart halde på Haugensalen, som den gong var bygdas einaste forsamlingslokale. Det var ikkje mange som møtte opp på dette fyrste møtet. Forutan Tranmæl sjølv var det eit knippe mannfolk, mellom anna Egil Hernæs, Sør-Frons mangeårige ordførar. Til stades var også ein 27-åring ved namn Johan Monshaugen. I dag er Monshaugen 87 år og den einaste frå stiftingsmøtet som fortsatt lever.
Han bur på heimgarden Veddalen i Skurdalslia på Harpefoss saman med kona Karen. Alderen til tross er Johan både sprek og med god hukommelse. Stiftingsmøtet hugsar han godt. Tordentalaren Tranmæl gjorde sterkt inntrykk på den unge mannen.
-Ja, Tranmæl hugsar eg godt. Det var litt av ein talar. Eg hugsar og at eg såg han seinare da han ferierte på Baukholsetra ei påske, fortel Johan.
-Vi var ikkje store flokken i byrjinga. Mest eldre menn. Politikken var berre for dei eldre den gongen. Ikkje som i dag med ungdomsfylkingar og unge politikarar. Men dette forandra seg opp gjennom åra, og arbeiderlaget vaks frå år til år.
(Avisklipp frå Albert Wadahl/Vegar Skar)
0 Comments