Slekta frå Søre Kampesæter

Kampesæter-slektGUNVOR SÆTHER BRÆKKE: Som etterkomar etter farfar Erland O. Sæther, fødd i søre Kampesæter i 1858, har eg nærast kjent eit ansvar for at historia om slekta, garden og hotellet ikkje må bli gløymd. Nå er det blitt bok. Med Sigmund Hernæs som lærar i storskulen i Skåbu vakna interessa for slektningar i USA. Framsynt som Hernæs var, fekk vi anledning til å lære  våre fyrste engelske ord med oppmoding om å kontakte våre slektningar ”over there”.

To store ungeflokkar vart fødd søre Kampesæter  frå og med 1837 til og med 1882.  Erland Erlandsen (Bakkerud) og Embjørg Iversdatter, født på Hysjulien, fekk 10  born.  6 emigrerte i vaksen alder til USA.  På eit stort slektsmøte i Kampesæter 1984, der mine syskenborn frå Canada var hedersgjester, sette vi opp stort kart på veggen og oppmoda alle til å fylle ut sin plass med namn og andre data. Men det krevst litt mot til å vera pågåande nok for å få inn informasjon til ei bok. Ein må og godta at det finns dei som ikkje vil ha bilde av seg og sine i boka.

Personregistreringen er utført med Brother’s Keeper. Innhaldet omhandlar mykje av etterslekta til Erland Poulsen nedre Skaboe (1780) og Mari Svendsdatter Risdal (1787), til og med nokre av dei aller yngste i 2010.

Mange hjelpemiddel er brukt, munnlege historier som har overlevd i generasjonar er kontrollert med  flittig bruk av pantebøkene, kyrkebøker frå dei fyrste på microkort til skanna på Digitalarkivet. Og ikkje å gløyma alle trivelege folk med kaffekoppen og kake klar!

Har du tenkt å starte opp med å skrive ei slektshistorie? Greit å vera budd på overraskingar av alle slag! Ein tolsam livsledsager med interesse i saka er til stor glede og hjelp! Lykke til!

0 Comments

Submit a Comment