Det starta i jubileumsåret 2003

Tor Larsen i Dølen: Gard Espeland og Rasmus Stauri var primus motorar for at Fronsbygdin vart fødd. Bokstaveleg talt fødselshjelparar til at fyrsteutgåva av Fronsbygdin kom ut til Fron historielag sitt 75-års jubileum i 2003. Og det skjedde omtrent slik, i følgje Gard Espeland: – Rasmus hadde ringt til bror min, Velle, og snakka om at det endeleg skulle vore ei årbok for Fron. Dette fortalde Velle meg, og eg ringte til Rasmus og sa at eg kunne vere med og gjere det grafiske arbeidet gratis. Vi kunne derfor tilby historielaget ei ferdig bok klar for trykking, slik at dei berre betalte rekninga for sjølve trykkinga.

– Vi vil seie det slik at vi hadde ikkje fått til denne boka år etter år om det ikkje hadde vore for alle innbyggarane dei to fronskommunane har fostra opp. Det er ute blant dei vi har funne og blitt fortalt alle dei gode historiene som vi har samla mellom to permar, påpeiker dei to lokalhistorikarane.
– Målet er nådd. Fronsbygdin står støtt og stødig ute blant folket i Fron. Nå får nye krefter trå til og sørge for at denne bygdeboka lever videre, uttala dei to under boksleppet av den siste boka frå deira hand.
Og det er ikkje småtteri dei har gått i bresjen for å få trykt i Fronsbygdin. Bokregnskapet fortel at rundt 200 skribentar har produsert over 3500 sider med lokalhistorisk stoff dei siste 20 åra. Dei har bidratt sjølve også – Gard har levert 27 artiklar og Rasmus 20.
I kroner og øre er Fronsbygdin også ei sterk ryggrad for historielaget.
– Tar vi ein tenkt sum på 50 tusen kroner som årleg overskot på boka, så har dei bidratt med å gi Fron historielag ei inntekt på ein million kroner, uttala historielagets «nettguru» Carl Henrik Grøndahl under boksleppet.

Og det lokalhistoriske markedet ute i fronsbygdin, er på ingen måte støvsugd, ifølge dei to fronskarein.
– Oss ha itte støvsugd. Oss ha berre råkå med ei gåmmål teinnlaus rive, seier Gard.
– De e att my å ta tak ti, skyt Rasmus inn.
Så da er det bare for dei to påtroppende redaktørene å finne fram kopp og rive og fortsette med den lokalhistoriske dugnaden som Fronsbygdin er.
Slik eg hugsar det ringte Rasmus til meg og la fram det Gard og han hadde prata om. Og eg var einig i at tida var overmoden for at Fron Historielag fekk seg årbok. Spørsmålet mitt var da om Rasmus ville vera redaktør. Dersom eg får med meg Ivar Myrstad så……og slik vart det. Ivar var med redaktør av dei 5 fyrte bøkene. Anders Haugen
Første «Fronsbygdin» kom ut på forlaget Askehoug&Co i 1930 skrevet av Ivar Kleiven.