Haugtussa kjem til Harpefoss

saman med Rasmus Kjorstad

Rasmus Kjorstad speler langleik, munnharpe, hardingfele, fele, oktavfele

Dette er truleg den vakraste skildringa i norsk litteratur av eit erotisk møte:

Og som det lid til svale kveldings stund,
alt meir og meir i lengt dei saman søkjer,
og brådt om hals den unge arm seg krøkjer,
og øre skjelv dei saman munn mot munn.
Alt svimrar burt. Og der i kvelden varm
i heite sæle søv ho i hans arm.

Det er frå Haugtussa. Arne Garborg gav ut diktsyklusen i 1895, soga om ei synsk gjetarjente. Boka kom som eit sjokk. Den kritiske, radikale Garborg slår heilt om og diktar ei underleg kjærleikssoge. Haugtusa har inspirert mange komponistar, Edvard Grieg, Ketil Bjørnstad og Øyonn Groven Myhren mellom dei.

No kjem ho til Fron, Haugtussa, saman med Rasmus Kjorstad, og redaktøren for denne heimesida meiner at berre denne erotiske skildringa er god grunn til å tilrå framsyninga på Harpefoss hotell onsdag 22. november kl 19. Arrangørane skriv:

Gjennom harpesong, sylvarspel og gåtefulle klangar fylgjer me Veslemøy frå kvardaglivet heime på garden, gjennom myrke og ljose draumar, og opp på fjellet i møte med Jon.

I orkestreringa av verket har Øyonn nytta av det rike tilfanget instrument som Garborg nemner i Haugtussa. Øyonn sin Haugtussa er utan samanlikning den mest omfattande Haugtussa-songsyklusen som er skapt, nesten to timar langt.

Tekst: Arne Garborg (1894–95)
Musikk: Øyonn Groven Myhren (2018–22)

Øyonn Groven Myhren – song, harpeinstrument, bassleik, seljefløyte
Rasmus Kjorstad – langleik, munnharpe, hardingfele, fele, oktavfele
Tomas Nilsson – hakkebrett, bjeller, klokkespel, blåhauginstrument

På det første minuttet har musikarane etablert eit musikalsk, magisk mikrokosmos. Lyttaren inviterast inn i ei stemningsverd som er full av mystikk, skriv NRK

0 Comments

Submit a Comment