IVAR KLEIVEN: Ei trollkjerring var brent på den plassen som vart kalla Båle. Da dei følgde ho til rettarstaden, batt dei for augo hennar, for dei ottast for at ho kunne ha makt til å gjere olykke med dei vonde augo sine. Og da ho skulle rettast og dei løyste frå augo hennar så ho fekk dei frie ei lita stund, fjettra ho tre plogkrøkje og tre plogkarar på Steig, men det fjerde krøkje og plogkaren greidde ho ikkje, for der var både plogkaren og krøkje fromsingar, og så var selapinnen gjort av flogrogn.
Noko mykje seinare i tida var det ei trollkjerring i Holom; ho hadde trollkatt, og han drog nok mjølk og rømme til ho, så det var for mykje av det gode. To karar var huga til å brenne trollkattspy og ville prøve å få denne kjerringa tvinga fram. Det var enda ein frå Tofte som heitte Hans, som sette brenninga i verk, og dei brende i ei børsepipe. Jau, ho måtte møte opp, trollet, og Hans Tofte var kvasst ferdig til å gje ho ein dask i kjeften med ein beksømskohæl, så hø blødde – det lyt takast ut blod av trollkjerringa når ho blir brent fram, ellers er ho farleg.
0 Comments