Ole Chr. Risdal: På Kampesæter i Skåbu har det vore mykje aktivitet gjennom åra. Alt frå barnedåpar, konfirmasjonar, bryllaup, gravferder, bridgeturneringar og festlege lag m.m. I 1985 vart det arrangert ein større toradar – og trekkspeltreff på Kampesæter og på Skåbu bygdahus. Sjå denne her: https://youtu.be/SiQhvK5a6IU

T.v. Hotellet som O. T. Kampesæter bygde i 1937 og som vart rive i 2004. T.h. Kampesæter Hotell. Bygningen vart sett opp rundt 1890 og tente som skysstasjon til å begynne med, før det etter kvart blei både sanatorium og hotell. På biletet ser ein den fyrste bilen som O.T. kjøpte seg i 1926, og det er også fyrste bilen Skåbu. Det er ein Buick frå 1920-talet. Så biletet kan vere frå rundt den tida.
I 1885 opna Ole T. Vorkinn og Mari E. Kampesæter skysstasjon og den bestod til 1925. Frå rundt 1900 sette dei også i gang med hotellverksemd. I 1922 tok barnebarnet, legendariske Ole T. Kampesæter, over hotelldrifta. Han bygde nytt hotell i 1936, og dreiv det til 1973. Bedriftsnamnet vart endra til Kampesæter Fjellstue. Nye eigarar vart Oddmar og Gerd Røssum, og paret Knut Kristiansen og Åse Vestbakken dreiv staden til trekløveret Odd Erik Nansen, Bjørn Slette og Pål Larsen tok over fjellstua på 1980-talet. Utpå 1990-talet selde dei til investorane Einar Kloster, Sigurd Bølling og Peder Bakken. Dei reiv ned den gamle fjellstua i 2004 og hadde planar om å byggje eit nytt hotell. Dette vart ikkje noko av, og dei selde staden til Sigurd Haug for nokre år sidan. Han kjøpte også det gamle samvirkelagsbygget og har gjort det om til eit flott fjellhotell. Han har også tatt over det gamle pensjonatet Sætermoen og bensinstasjonen med restauranten Rødhette og Ulven, og med det har han han sikra turiststatusen i Skåbu – fjellbygda ved foten av Jotunheimen.
i starten af 1980’erne besøgte min kone og jeg Kampesæter Fjellstue, hvor værterne var Knut og Åse, endvidere en fantastisk skitræner Willy Brandt, som havde deltaget i en vinterolympiade i slutningen af 1940’erne. Et dejligt sted vi mindes med glæde og vemod. Det var omkring juletid, og der var kun en anden gæst, en dansk dame.