Tre tonn lokomobil skar torv

by | 13. des 2019 | Verksemder | 0 comments

Historia om Sødorp Brændtorvfabrik

lokomobil1

Lokomobilen låg i mange tiår nedgrave i Nysetermyra samen med restane av torvfabrikken. Det er ein Marshall&Son dampmaskin på 10hk, som nå er til restaurering hos Terje Dokknes på Murudalen.

HANS PETTER KLEIVEN: Torva kom til heder og verdigheit att som energikjelde i Fron på 1900-talet. Utstyret dei brukte:  Lokomobil: ei dampmaskine som vart fyra med feitved og anna som dei fann i myra. Elevator: eit samleband på ei treramme med kjettingdrift, laga av Mathias Skar. Den frakta torva frå grøfta og opp i blandekummen. Elevatoren vart dreven av dampmaskina. Blandekummen: ein ca to kubikkmeter stor jarntrommel, laga av Mathias Skar. Inni her dreiv lokomobilen nokre roterande knivar, som kutta og blanda torva og vatnet til ein passeleg velling. Gjennom ei kran tappa dei trillebårene fulle med masse frå blandekummen og trilla bårene på utlagde plankar til flate, høvelege plassar på myra. Formene: nokre trerammer på ca 1×1 meter, ca 10-15 centimeter høge, ruta opp i mursteinstore rom.

AS Sødorp Brændtovfabrik vart grunnlagd 11. mai 1919. Slik Petter Skar (f 1912) høyrde det fortald, kjøpte dei inn ein brukt lokomobil frå England. Den vog tre tonn og var laga i 1879. Dei bygde ein stor tømmerslea, og på vinterføre drog så fire hestar den ut på Nysetermyra. Dei måtte enda felle fjellbjørk og legge ned i myra for å koma fram. På denne tømmerdoningen vart lokomobilen ståande i dei åra han var i bruk. Det var ein Marshall&Son dampmaskin på 10 hestekrefter.  Ein mann var maskinførar og fyrbøtar. To var i grøfta for å fore elevatoren. To var i gang med å trille ut den ferdige massa. To hadde massa utover i formene og lyfta dei opp når masa hadde tørka noko og flytta formene ut att på ein ny plass. Torvklankane låg nå vidare til tørking ei tid før dei vart trilla til ein samlngsplass. Her vart det mura knehøge såter, til dei sist på sommaren vart lagra i nokre leskur med tak over. Så vart torva henta på vinteren, når det var lettast å koma til med hest og doning. Vatnet vart ført fram i rør frå ei vassåre ovanfor anlegget. Elles var anlegget inngjerda for at ikkje beitedyr skulle falle ned i grøfta.

Paal Kleiven fortel:

Sommaren 1918 gjekk eg for presten: Da var det stordrift på Nysetermyra i Sødorpfjellet. Eg hadde fått meg arbeid der. Vi budde i eit uisolert bordhus, eller brakke, med køyesenger, langbord og krakkar og ein omn. Det var frådelt eit lite rom til kjøken. Det var ikkje kjøreveg fram, så kvar mann bar med seg sengeklede, mat og bestikk.

Eg hadde fri ein dag i veka slik at eg kom meg til presten Heggenhougen. Om kveldane låg eg i øverkøya mi og las på prestleksa, det var mykje som skulle puggast den gongen, Nede ved langbordet var dei andre i gang med ei kortkule. Det kunne vera «Tjugeeit» eller «Beitplukk» om pengar. Innsatsen var nok ikkje høg, men stemninga kunne bli høg for det, og det var ikkje langt mellom dei saftige glosene. Ja, det var eit tøft miljø å gjera prestleksa i, – men det gjekk nå bra hos presten likevel, eg fekk stå fremst på kyrkjegolvet da konfirmasjonsdagen kom.

Morten Hagestuen var fyrbøtar og anvarleg for det maskinelle. Han passa óg tida med fløyting i sirena på lokomobilen når det var matpause og til kvelds. Ein dag Morten stod på grøftekanten for å sjå etter at elevatoren fungerte, kom han til å miste lommeklokka si ned i det vassfylte myrholet. Resolutt kledde Morten seg naken framfor oss forfjamsa karane og hoppa uti den djupe grøfta. Han vart ståande til livs i den grumsute myrvellinga. Så heldt han den eine handa framføre munnen og nasen og dukka under i suppa, mens han med den andre handa leita etter klokka med lenkje på. Han kom oppatt, men utan klokka. Han pusta og pesa, men tok ein ny dukkert ned i gjørmebadet. Etter ei stund – det var ei langt stund tykte vi som såg på – kom han opp att, og denne gongen heldt han triumferande klokka i vêret.

Hans Kleiven, yngre bror til Paal var ti år den gongen, Han fortel:

Sverre Hage og eg var på same alder og skulle ein dag gå opp på Nysetermyra med mat. Vi vart verande der ein stund for å sjå på arbeidet. Om litt peip det i fløyta på lokomobilen hans Morten Hagestuen, og det var matpause. «Døkk skal vel ha litt mat døkk au», sa ein av karane. Før vi fekk svara for oss, kom det frå ein av dei andre: «Døm nei, døm vil ha berre kål og kvinnfolk døm!» Det var no det beste den karen visste om.

Med den prekære mangelen på ved var det mange som ville kjøpe torv. I 1913 hadde Nord-Fron og Sør-Fron fått seg nye dampysteri og bakareen Carl Johan Berg, som trong mykje ved. Det vart ôg seld torv til privat forbruk, men i mindre målestokk. Da fyrste verdskrigen tok til i 1914, vart verden enda meir etterspurd. Krigen gjorde at importen av kol og koks gjekk ned, og veden tok meir over som varmekjelde i byane ôg. Styret i Vinstra Ysteri drøfta i 1916 den prekære situasjonen og var inne på tanken om å gå over til kinning, da smørproduksjonen var mindre energikrevjande enn produksjonen av ost. Det enda opp med at dei påla andelseigarane å skaffe 1/4 famn ved pr andel. Elles lyste dei ut vedleveransen på anbod. Oppland fylke gav i 1916 løyve til å bruke 200 famnar ved mot at dei av dette leverte 1/10 part vidare til Lillehammer provianteringsråd til fordeling mellom dei vedtrengjande i byen.

Kvifor torvelskapet fyrst vart skipa i 1919, veit vi ikkje, kanskje var det jobbetida som hadde kome til Sødorp? Vi veit heller ikkje når drifta vart nedlagt, men det skjedde truleg ut i 1920-åra. Dei som satt i styret, var personar kjende  for tiltakslyst. Halfdan Haanshus, lensmann og gardbrukar på Gilje. Johan Toksen, gardbrukar på Sygard Brandvold og banksjef. Mathias Skar, gardbrukar på Nigard Skoe og oppfinnar. Bakar Carl Johan Berg som trong tov til bakaromnen sin. Iver Botten var ein drivande gardbrukar i Øvre Sødorp.

Torvmyra ligg for det meste på ein teig under Nedre Solbjør. Det var kulturbevararen Terje Dokknes som kom til Petter Skar i Nedre Solbjør i 1989 fore å spore opp restane etter lokomobilen han hadde hørt skulle ha vore brukt til drivverk for torvproduksjon i Sødorp. Han kom til den rette. Petter er son til Mathais Skar og kunne vise kor tovfabrikken hadde vore.

Ved synfaringa kunne dei enda sjå restane etter maskineriet nede i myra. Han fekk lov til å starte arbeidet med å få lokomobilen ut av myra. I 1990 vart Sjoa og Heidal gammelteknik forening stifta, og om somrane frå 1990 til 1995 var dei fleire gongar på myra for å fråriste den restane etter lokomobilen. Med lensepumper, traktorar og lange vaierar fekk dei opp det meste. Det viste seg at noko var øydelagt med slag av stein og reiskap. Tre av dei fire hjula på lokomobilen mangla. Dei fekk greie på at dei tre hjula var brukt til ankerfeste for hjørnestolpar i gjerdet rundt ei nydyrking like ved myra, og fekk lov til å grava dei opp at og skifte dei ut med andre ankerfeste. Fortsatt ligg restane etter blandekummen og elevatoren i myra, mens lokomobilen nå er til restaurering heime på garden til Terje Dokknes på Murudalen. Ein dag vil den stå fram i «fordums prakt», og kanskje vil heidølane ein gong i framtida vise den fram på ei av utstillingane dei held nedanfor ved Randsverk kvar sommar.

Frå Fronsbygdin 2007, publisert her første gong 19.10. 2014

0 Comments

Submit a Comment