Maria og Petter budde og sleit 47 år i Søre Skar

«Komfyren bar eg på ryggen, riktignok utan ringar og skuffer, men likevel vart det eit løft på vel 100 kilo. Komfyr måtte vi jo ha, og da var det ingen annan utveg enn å bera han. Eg var ung og sterk den gongen, men jammen var eg glad da uhyret stod på plass oppe i Skar!» Det sa Petter Pedersen Graasletten (1886-1970) i eit intervju med vekebladet Vi Menn på sine eldre dagar. Maria Amundsdatter Kjorstadmoen (1886-1967) og Petter hadde alt vore gift i tre år, hadde fått to ungar og ønske seg sterkt ein eigen heim. Nede i dalen var det lite å finne både av ledig jord og arbeid. Dei tok til som husmenn under Solbrå i 1910 og fekk drive båe dei to sørlegaste bruka i Skar. Dei første åra hadde dei ikkje hest, og alt måtte berast på ryggen opp den bratte lia. Ei lita stugu hadde dei, men jordvegen var sørgjeleg steinet og i dårleg hevd. Seinare kjøpte dei au Steindalssetra, det som nå er den søre delen av jordet. Når ein i dag ser kva som finst av hus og dyrka mark i Søre Skar, må ein berre bli imponert av kva Petter og Maria klarte å byggje opp gjennom dei 47 åra dei hadde heimen sin der.
I det same intervjuet i Vi Menn seier Maria: «Ja, Petter bar og bar, stein frå jorda, kornsekker og ost ned til bygda og mjølsekker opp att. Sjølv bar eg fram ti ungar oppe i Skar.» Det er sagt at når Maria ferdast mellom bygda og Skar, hadde ho ein unge i handa, ein på ryggen og ein i magen.
Her fortel Knut Stensrud Kjorstad om ein barndom i Nedre Skar
Maria fortalde vidare at da dei kom til Skar, tenkte ho: «Her skal eg frå att, om eg så skal bruke både lensmann og prest, men det nemnde eg ikkje eingong for han Petter».
13. juli 1927 losna fleire større og mindre jordras i den bratte lia ovanfor Skar. Det hadde gått eit kraftig torevêr med skybrot over nordre del av Sør-Fron denne dagen. I Perslykkja (i dag Søre Skar) kom eit jordras som gjekk langt oppå veggen på stuguhuset. Maria og Petter torde ikkje vera i heimen da rasa såg ut til å truge huset. Dei tok med seg ungane og rømte sørover. Nordover til Øvre Skar kom dei ikkje på grunn av fleire ras som hadde gått der.
Den minste ungen, Trygve, som var fødd så seint som 29. mars same året, vart pakka inn i eit ullteppe til vern, men teppet vart etter kvart så tungt av væte at dei berre måtte kaste det frå seg. Dei søkte ly i ei høyløe og berga seg, sjølv om det største raset som kom seinare, gjekk rett sør for løa.
Charlotte Skar vann ein videokonkurranse med ein film frå Øvre og Nedre Skar
Dei siste dagane i april 1940 rykte tyske tropper oppover Gudbrandsdalen. Familie og kjente søkte tilflukt i Skar for å kome unna krigssona i dalbotn. 25. april gjekk folket i Skar opp på Skarsberget for å få betre utsyn. Dei såg endelause rekkjer av tyske soldatar til fots eller med hestar, vogner og bilar på veg nordover. Flya bråka over dalen i omtrent same høgde som heimane i Skar.
Det vart fort lite både med pengar og varer. I Skar hadde dei langt på veg hatt naturalhushald og klarte seg etter måten bra. I løpet av krigstida var det nok ein del bygdafolk og andre som besøkte Skar og drog derfrå med tyngre skreppe enn da dei kom.
I Skar var det korkje straum, radio eller telefon, og dei fekk stort sett vera i fred for okkupasjonsmakta. Forbodet mot samankomstar og festar vart heller ikkje teki så nøye der. Derfor var det ikkje sjeldan at folk samla seg i Skar til lystige lag.
0 Comments