Ei lita historie frå den gang mjølet kom frå Loholet

KRISTEN BRENDHAUGEN: Utpå vinteren, når sledeføret var godt, tok vi turar til kverna i Loholet for å få male kornet til mjøl. Turane til kverna var store opplevingar. Naturen i Loholet var spesiell. Det var brua over det tronge og djupe juvet med den bratte og smale vegen oppatt på nordsida med forteljingar om utforkjøringar og ulykker. Dammen og fossen ved mølla var òg fascinerande med historier om tømmerfløyting og fløytarar som fór utfor fossen og omkom.

Det var ofte stor trafikk til mølla, så det var om å gjere å kome seg avgarde tidleg om morgonen. Lasset med kornsekker vart gjort ferdig kvelden i førevegen, slik at det berre var å spenne for ho Blakke når morgonen kom. Eg fekk ofte vere med. Eg hugsar at det framleis var mørkt når vi kjørte bortover Rustebygda. Framme ved kverna var det å få lasta av kornsekkene, og så få vite tida når mjølet kunne forventast ferdig.
Det første som vart gjort etter at kornet var levert, var å ta seg ein tur på kafeen som heldt til i underetasjen på butikken i Loholet. Der var det varmt og godt og både varm kaffe og kaker å få.
I Loholet var det òg sagbruk og høvleri. Vanleg sagflis til bruk i fjøsa var vi bra forsynt med, da han Gunnar Johansen (Gunner Dokken 1896-1975), næraste nabo, hadde eit enkelt sagbruk som var i drift j́amt og trutt. Kutterflis, derimot, var meir sjeldan vare. Det var tørr og fin flis som kunne ta opp i seg mykje væte. Eg minnest at den spesielt vart brukt ved kalvingane. Med på kornlasset hadde vi med ein del tomsekker, og så va det å sjå innom fliskjellaren på høvleriert for å sjå om det var mogleg å få med seg heim nokre sekker med kutterflis.
Ein del gardbrukarar blanda erter saman med kornet når de sådde åkeren om våren, mellom anna for å få meir næring i halmen, som au vart brukt til krøtterfôr når det minka på høyet. Eg kan hugse at eg stakk handa ned i kornsekkene for å finne erter, som eg så gjekk og togg på. Eg syntes det smaka veldig godt.
Ikkje berre ved kverna syntes eg erter hadde god smak. Når eg vart så stor at eg gjekk ned til Laugen på fiske, var det nok ikkje fritt for anna enn at eg trakke litt i åkeren på Brennvollen for tidleg på hausen å kunne finne erterstokkar, og litt seinare modne erter. Ein kveld, da det truleg var dårleg fiskebett, åt eg så mange erterstokkar at eg vakna utpå natta og kasta opp berre grønt.

Dersom vi hadde ærend på Vinstra, vart dette gjort medan vi venta på malinga. Ho Blakke tråva lett bortigjennom Lomoen med berre far og meg på høysekken.
Ein gong hugsar eg at han far hadde i oppdrag å kjøpe ty til ny sommarbukse til meg. Det skulle helst vere dongerity, hadde han fått beskjed om.Da han la fram ærendet sitt, fortalde den som sto bak disken at dei nettopp hadde fått inn noko heilt nytt som vart kalla olabukser. Det var ferdigsydde dongeribukser og var svære greier. Såleis vart eg truleg den første i Skurdalsgrenda som troppa opp i olabukse. Eg kjende meg vel heller som ein som var kledd litt rart og annleis enn dei andre ungane, meir enn ein som stilte opp i siste mote.
Vel attende til kverna i Loholet var det å få mjølsekkene på sleden med kutterflissekkene på toppen av lasset. Så var det å ta fatt på turen bortigjennom Ruste, etter ein oppplevelsesrik dag ved kverna.
Heime på Brændhaugen vart mjølet lagra i ei stor mjølbøle på stabburet, der det var trygt for musa. Dit tok ein med mjøllaupen frå kjøkkenet og fylte opp mjøl både til graut og baking.
0 Comments